Hopp til hovudinnhald

Slik bruker du Min side

I Min side kan du logge deg inn og sjå resultat frå prøvane dine når dei er klare. Du kan også sjå om kontaktinformasjonen din er rett.

Du må ha registrert e-postadressa di og mobilnummeret ditt hos prøvestaden før du kan bruke Min side .

Kjem du ikkje inn sjølv om du lagar nytt passord? Kontakt prøvestaden for å få registrert e-postadresse og mobilnummer i påmeldingsportalen.

Korleis logge inn på Min side?

Er det første gongen du skal logge deg inn på Min side, må du klikke på «Jeg skal logge inn for første gang ».

Skriv inn e-postadresse og klikk «Send nytt passord» (e-postadressa di og mobilnummeret må vere registrert frå før. Ta kontakt med prøvestaden din dersom dei ikkje er registrerte).

Du vil få ein e-post med ei lenke. Klikk på lenka. Lenka viser også kandidatnummeret ditt.

Her må du skrive inn eit nytt passord to gonger. Etter at du har gjort det, må du klikke «Lagre».

Du må klikke på «Gå til innloggingsside» for å gå tilbake til innlogginga.

Her må du taste inn brukarnamnet ditt (kandidatnummer) og det nye passordet du nettopp har laga.

Kandidatnummeret finn du i lenka du fekk på e-post då du skulle logge inn for første gong. Du finn det også på prøvebeviset, eller i informasjonen du har fått frå prøvestaden.

Deretter, klikk «Log inn».

Du vil få ein SMS med eingongskode. Skriv inn koden i feltet «Skriv inn kode fra SMS».

Når du er logga inn, kan du gjere følgande:

  • sjå personopplysingane dine
  • sjå kva prøvar du skal ta
  • sjå resultata dine
  • klage på skriveprøven
  • få karakterutskrift sendt til e-postadressa di

Korleis klage på resultatet på skriftleg framstilling?

Hugs at du berre kan klage på resultatet på skriveprøven , og at du berre kan klage dersom du ikkje fekk det beste resultatet for det nivået du melde deg på til.

Logg deg inn på Min side og klikk «klikk her» (sjå raud pil på biletet):

Klikk «Registrer klage».

Du vil få opp følgande melding:

"Når du klagar, kan du få same, dårlegare eller betre resultat. Er du sikker på at du ønsker å registrere klage?"

Viss du er sikker på at du vil registrere klagen, må du klikke «Bekreft».

Når du har bekrefta at du vil klage, blir statusen endra til «Klage levert».

Du kan følge status på klagen ved å klikke på «detaljar». Når du klikkar på «detaljar» får du opp følgande bilete:

Etter at klagen er behandla, vil du kunne sjå resultatet frå klagebehandlinga i Min side.

Brevet om resultatet frå klagebehandlinga blir sendt i posten, via Digipost/e-Boks.