Personvernfråsegn
Personvernfråsegn for personopplysningar handsama ved administrering og gjennomføring av norskprøven, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven.
Personvernfråsegn på nynorsk
1. Handsaming av personopplysningar ved gjennomføring av prøvar
Når du melder deg opp til og/eller tek norskprøven, samfunnskunnskapsprøven eller statsborgerprøven, handsamar vi personopplysningar om deg. Nedanfor finn du difor informasjon om kva for personopplysningar som handsamast, kvifor vi handsamar personopplysningar, og rettane dine knytt til handsaminga av personopplysningane.
Behandlingsansvarleg er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Det vil seie at HK-dir har ansvar for korleis personopplysningane dine handsamast i HK-dir.
2. Kvifor handsamar vi personopplysningar om deg?
Vi handsamar personopplysningar om deg, også sensitive personopplysninger, når det er naudsynt for å utføre oppgåver knytt til vårt føremål. Vårt føremål er å gje innvandrarar kunnskap og evner for å kunne delta i det norske samfunnslivet, samt gjennomføre prøvar for dokumentasjon av norskkunnskaper og samfunnskunnskap.
Dette gjer vi i samsvar med GDPR artikkel 6 nr. 1, bokstav e) og integreringslova § 41 (1) b) og/eller c), samt integreringsforskrifta § 54. Ved handsaming av sensitive personopplysninger er grunnlaget for vår handsaming GDPR artikkel 9 nr. 2, bokstav g) og integreringslova § 41 (1) b) og/eller c). Når du skal ta ei prøve, har vi altså en lovbestemt rett og plikt til å handsame dei personopplysningane om deg som går fram av lista nedanfor.
Vi hentar inn og brukar dine personopplysningar til å utføre desse oppgåvene:
- Kvalitetssikring og gjennomføring av norskprøven, samfunnskunnskapsprøven og/eller statsborgerprøven
- Administrering av prøvane på prøvestaden
- Ivareta din rett til å klage på vedtak som gjev klagerett
- Statistikk
- Forsking og analyse
Med grunnlag i integreringslova §41 (1) c) og integreringsforskrifta § 64 nyttast det automatiserte avgjersler for sensur av lese- og lytteprøven i norsk, samfunnskunnskapsprøven og statsborgerprøven.
Dei tre prøvane er gjort opp av fleirvalgsoppgaver der kun eitt svaralternativ er riktig. Terskelen for antal riktige svar for å stå på prøven, samt kva svar som er riktige, er definert på førehand og programmert i prøvesystemet. Kandidaten si sluttvurdering er ein poengsum som kun er tufta på antal riktige svar, der kvart riktige svar gir eitt poeng.
Det nyttast ikkje automatiserte avgjersler ved sensur av skriftlege og munnlege prøvar i norsk, då desse prøvane vurderast av fysiske eksaminatorer og sensorer.
Automatiserte avgjersler kan overvåkast manuelt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Hvis det føreligg mistanke/høve som tilseier at det kan ha skjedd teknisk eller annen feil, vil Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse manuelt gå gjennom prøvesystemet og eventuelt prøveresultatet.
3. Kvar henter vi personopplysningane frå?
Vi får personopplysningane både fra deg og fra andre offentlege myndigheiter. Desse offentlege myndigheitene er for eksempel:
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
- Kommunene/prøvestadane
- Statsforvaltaren (ved klagehandsaming i siste instans)
- Utlendingsdirektoratet (UDI)
- Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Folkeregisteret
4. Kva for personopplysningar om deg handsamar vi?
Vi samlar inn og handsamar desse personopplysningane om deg:
- Namn
- Adresse
- Telefonnummer
- E-post
- Fødselsdato
- Fødselsnummer
- DUF-nummer
- D-nummer
- Passnummer
- Kandidatnummer
- Kjønn
- Prøvesvar
- Prøveresultat
- Prøvetype
- Tidspunkt for prøvegjennomføring
- Målform/språk på prøven*
- Prøvestad
- Klage
- Avvik
- Fusk
Vi handsamar også fylgjande personopplysningar for kandidatar som før 15. februar 2022 vart registrert med desse opplysningane:
- Opphavsland*
- Morsmål*
* Desse kategoriane personopplysningar regnast her som sensitive personopplysningar.
5. Utlevering av personopplysningar til andre
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse utleverer ikkje personopplysningane dine til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for utlevering. Eksempler på slikt grunnlag vil vere ein lovheimel som pålegg oss å gje ut informasjonen.
For dei med fødselsnummer vil prøveresultat og tilhøyrande personopplysningar verte gjort tilgjengeleg via Vitnemålsportalen.
Eksempler på aktørar Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har lovlig grunnlag til å utlevere dine personopplysningar til er:
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
- Kommunene/prøvestadane
- Statsforvaltaren (ved klagehandsaming i siste instans)
- Statistisk sentralbyrå
- Utlendingsdirektoratet (UDI)
- Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Høgare utdanningsinstitusjoner
- Sikt
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse brukar databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte handsame personopplysningar på våre vegne. I slike tilfeller har vi inngått avtaler for å ivareta informasjonssikkerheita i alle ledd av handsaminga. Vi nytter fylgjande databehandlarar per i dag:
- Enovate AS
All handsaming av personopplysningar vi gjer, skjer innenfor EU/EØS-området.
6. Lagringstid
Vi lagrar dine personopplysningar hjå oss så lenge det er naudsynt for føremåla i integreringslova § 41 første avsnitt. Integreringsforskrifta § 60 femte avsnitt seier at personopplysningar om personar som tek prøvar, kan lagrast i inntil 20 år rekna frå det tidspunkt prøven vart tatt. Vi kan difor lagre dine personopplysningar i inntil 20 år. Etter denne tid vil personopplysningane dine verte sletta.
Fylgjande opplysningar vert lagra i kortare tid:
- Adresser lagrast i 2 år
- Lydopptak for delprøve i leseforståing og muntleg kommunikasjon på nivå C1, lagrast i 1 år
- Betalingsstatus lagrast i 3 år
- Førebels og endeleg fusk lagrast i 3 år
7. Dine rettar når vi handsamar personopplysningar om deg
Du har rett til å krevje innsyn og/eller retting av personopplysningane vi handsamar om deg. Du har også i visse tilfeller rett til å krevje avgrensa handsaming og å klage på handsaminga. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på Datatilsynet si nettside.
For å bruke dine rettar må du sende oss ein e-post til proveadministrasjon@hkdir.no . Vi vil svare deg så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.
Vi kan kome til å be deg om å stadfeste identiteten din eller å gje oss meir informasjon før vi svarar deg. Dette gjer vi for å vere sikre på at vi ikkje gir tilgong til dine personopplysningar til andre enn deg, og at vi ikkje delar personopplysningane dine med personar som utgjev seg for å vere deg.
8. Personvernombud
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har personvernombod hos Sikt – Kunnskapssektoren sin tenesteleverandør. Kontaktinformasjon:
Marita Ådnanes Helleland
Telefon: 53 21 15 57
E-post: marita.helleland@sikt.no
9. Klager
Hvis du meiner at vår handsaming av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har omtala her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivinga, så kan du klage til Datatilsynet.
Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på Datatilsynets nettsider.
10. Endringar
Hvis det skulle skje endringar i våre tenester eller i regelverket om handsaming av personopplysningar, kan det føre til endringar i informasjonen du har fått her. Denne personvernfråsegna vil vere oppdatert og tilgjengelig på vår nettside.
11. Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjonen til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er:
Adresse: Fortunen 1, 5013 Bergen
E-post: post@hkdir.no
Telefon: 55 30 38 00
Organisasjonsnummer: 974788985
Hvis du har spørsmål om vår handsaming av dine personopplysningar, kan du sende e-post til proveadministrasjon@hkdir.no .
Personvernfråsegna på andre språk
Engelsk eller bokmålsversjon av personvernfråsegna finn du ved å endre språk i menylinja øverst på sida.
Du kan laste ned PDF av personvernfråsegna på ei rekkje språk: