Hopp til hovudinnhald
Informasjon om moglege endringar og oppdateringar av identitetsnummeret ditt i prøvesystemet

HK-dir førebur overgangen til eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk, samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre at personopplysningane som blir overførte til det nye systemet, er korrekte og oppdaterte. Dette er nødvendig for å ta vare på personvernet ditt, mellom anna ved å sikre at opplysningane om deg i prøvesystemet er riktige. Les meir.

For deg som skal ta prøve

På desse sidane kan du lese om prøvane og melde deg på. Hugs å lese kven prøvane passar for og om kva du må vite før du melder deg på.

Norsk

Norskprøve A1-B2

Norskprøven er for deg som er på norskkurs og andre som vil vise kor godt dei kan norsk. Prøven går frå begynnarnivå (A1) til avansert nivå (B2).

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå

Prøven måler et svært høgt språknivå i norsk - ofte kalla akademisk nivå. Prøven måler berre på språknivået C1, og du som tar prøven får enten bestått eller ikkje bestått på dette nivået.

Norskprøve teiknspråk

Prøven er eit tilbod til teiknspråklege innvandrarar, med prøvar i teiknspråklege ferdigheiter som kan erstatte prøve i lytteforståing og prøve i munnleg kommunikasjon i norskprøven A1-B2.

Samfunnskunnskap og statsborgarskap

Samfunnskunnskapsprøve

Denne prøven er for deg som trenger dokumentasjon på dine kunnskapar om det norske samfunnet, til dømes for å søke om permanent opphaldsløyve. Nokon har rett og plikt til å ta prøven.

Statsborgarprøve

For å søke om norsk statsborgarskap, må du ha bestått statsborgarprøven. Har du bestått samfunnskunnskapsprøven på eit anna språk, må du ta statsborgarprøven.