Øv til munnelg prøve
Øv deg på å snakke norsk saman med andre. Du kan og trene på eksempeloppgåver for å øve deg til prøven i munnleg kommunikasjon.
Øv på eksempeloppgåver
Oppgåver på den munnlege prøven
- Dette er ei individuell oppgåve.
- Du skal presentere deg kort, og du vel sjølv kva informasjon du vil ta med.
- Oppgåva er alltid den same.
- Du snakkar i ca. 1-2 minutt.
- Dette er ei individuell oppgåve.
- Du får sjå eit bilete med fleire personar og ting som skjer, og du skal fortelje om kva du ser på biletet og kva personane på biletet gjer.
- Du kan få oppfølgingsspørsmål frå eksaminator.
- Du snakkar i ca. 2-3 minutt.
- Dette er ei samtaleoppgåve, der to kandidatar snakkar saman.
- De får eit spørsmål frå eksaminator om eit tema frå dagleglivet, for eksempel skule, fritid, jobb, familie, mat, ver og så vidare.
- De kan få oppfølgingsspørsmål frå eksaminator.
- De snakkar i ca. 2-3 minutt.
- Dette er ei individuell oppgåve.
- Du får eit spørsmål frå eksaminator om eit tema frå dagleglivet som du skal snakke om, for eksempel skule, fritid, jobb, familie, mat, ver og så vidare.
- Du kan få oppfølgingsspørsmål frå eksaminator.
- Du snakkar i ca. 2-3 minutt.
- Dette er ei samtaleoppgåve, der to kandidatar snakkar saman.
- De får eit spørsmål eller ei problemstilling som de skal snakke saman om.
- De kan få oppfølgingsspørsmål frå eksaminator.
- De snakkar i ca. 5-7 minutt til saman.
- Dette er ei individuell oppgåve.
- Du får eit spørsmål eller ei problemstilling og skal seie kva du meiner om dette. Du skal grunngi meininga di.
- Du kan få oppfølgingsspørsmål frå eksaminator.
- Du snakkar i ca. 2-3 minutt.
- Dette er ei samtaleoppgåve, der to kandidatar snakkar saman.
- De får eit spørsmål eller ei problemstilling som de skal snakke saman om, og utveksle meiningar om. De skal grunngi meiningane dykkar.
- Eksaminator stiller ikkje oppfølgingsspørsmål på denne oppgåva.
- De snakkar i ca. 5-7 minutt til saman.
- Dette er ei individuell oppgåve.
- Du får presentert ein påstand, og du skal ta stilling til påstanden og grunngi meiningane dine.
- Du får både høyre påstanden og sjå han skriftleg. Så får du tilbod om litt tid til å tenkje og notere stikkord.
- I denne oppgåva skal du først snakke sjølvstendig om påstanden i 2-3 minutt før eksaminator går over til å stille oppfølgingsspørsmål i 2-3 minutt.
- Til saman snakkar du i ca. 4-6 minutt.