Hopp til hovudinnhald

Øv til leseprøven

Øv på å lese tekstar på norsk, for eksempel i aviser og på nett. Du kan og trene på eksempeloppgåver for å øve deg til leseprøven.

Leseprøven testar ikkje kunnskapen din, berre språk.

For å få eit godt resultat på prøven bør du:

  • øve på å lese og forstå norsk.
  • bli kjend med innhaldet i prøven og oppgåvetypane.
  • øve på eksempeloppgåvene for leseprøven.

Slik er oppgåvene i leseprøven

Tekstane i prøven er korte, fordi du berre har 75 minutt til å ta prøven.

Tekstane er tilpassa nivået. Tekstar på A1-A2-nivå er kortare og enklare enn tekstar på B1-B2-nivå.

Tekstane er eintydige. Det berre er eitt riktig svar på kvart spørsmål.

Nivå

Det er ulike oppgåver i leseprøven på dei ulike språknivåa.

Hugs å lese oppgåva nøye før du svarer.

Bruk eksempeloppgåvene til å førebu deg på korleis oppgåvetypane ser ut, og for å bli kjend med korleis du skal svare på oppgåvene. Dette er berre eksempel. Du vil ikkje få desse oppgåvene i prøven, men du vil få oppgåver som liknar.

Du får ikkje vite kva nivå du er på. Men du får vite kor mange oppgåver du svarer rett på.

Vel målform

Når du opnar eksempeloppgåvene, kan du velje om du vil gjere dei på bokmål eller nynorsk.

Du må bruke ei datamaskin (pc) for å ta eksempeloppgåvene. Dei fungerer ikkje på ein mobiltelefon eller nettbrett.

Eksempeloppgåver

Tips til å jobbe med oppgåvene

Leseoppgåvene er forskjellige. Les tekstane på den måten som oppgåva krev.

Det er viktig å lese målretta for å spare tid. Les spørsmålet og svaralternativa før du les teksten – så veit du kva du skal sjå etter i teksten. Det er ikkje sikkert du treng å lese teksten veldig nøye for å svare på oppgåva. Men det er lurt å lese spørsmålet sakte og nøye.

Ein lesar med svært gode norskferdigheiter kan gjere alle oppgåvene i ein leseprøve på 10-20 minutt. Kandidatane kan bruke 75 minutt. For å kunne studere på universitet eller høgskule må ein vere på B2-nivå. Dersom ein ikkje klarer leseprøven på den tilmålte tida, er ein ikkje på B2, og vil nok også streve med å lese pensum på eit universitetsstudium.

Under får du tips til korleis du kan løyse dei forskjellige oppgåvetypane.

Jobbe med fleirvalsoppgåver (for nivå A1-B2)

Fleirvalsoppgåver (oppgåver med fleire val) har eitt spørsmål og fleire svaralternativ du kan velje mellom. Berre eitt av alternativa er rett.

Oppgåva har ein tekst du må lese for å finne det rette svaret.

Nokre fleirvalsoppgåver har lange tekstar og fleire spørsmål til same tekst. Les det du treng for å svare på spørsmålet. Kanskje du ikkje treng å lese heile teksten.

Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett svar.

Eksempeloppgåver:

Les og klikk på rett svar

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Vel rett bilete (for nivå A1)

I denne oppgåva skal du finne biletet som passar til teksten. Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett bilete.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Klikk i bilete og kalender (for nivå A1 og A2)

Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett stad i biletet eller rett dag eller månad i kalenderen.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Vel rett tekst (for nivå A1-A2)

I oppgåvene der du skal velje rett tekst, får du eitt spørsmål og du skal velje den teksten som passar til spørsmålet.

For å førebu deg til denne oppgåva bør du lese enkle, ekte tekstar: Brosjyrer, annonser, nyheiter på nettet og chat. Øv på å lese fort gjennom teksten, og fortel deg sjølv kva du forstår etterpå.

Eksempeloppgåver: Vel rett tekst (nivå A1-A2)

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Klikk på rett ord (for nivå A2 og B1)

Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på eit ord i teksten som betyr omtrent det same som ordet/uttrykket i oppgåva. Byter du ordet i teksten med ordet i oppgåva, skal setninga framleis vere rett.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Klikk på rett namn – kven kan seie dette? (for nivå B1)

Desse oppgåvene handlar om fleire personar. Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på rett namn.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Flytt avsnitt (for nivå B1)

Denne oppgåva består av seks avsnitt som står i feil rekkefølge. Det første avsnittet kan ikkje flyttast, dei andre må flyttast for at teksten skal gi meining.

Eksempeloppgåver: Flytt avsnitt (nivå B1)

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Lukeoppgåve – fyll inn rett ord (for nivå B1 og B2)

Desse oppgåvene testar forståing av teksten som heilskap.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Klikk på rett namn – kven handlar det om? (for nivå B2)

Du svarer på denne oppgåva ved å klikke på namnet til personen som er rett svar i oppgåva.

Bilde som illustrerer hvordan en eksempeloppgave i leseprøven kan se ut. Personer med synshemming vil få en alternativ prøve uten bilder.

Øv på å lese norsk

Du bør lese så mykje norsk tekst som mogleg. Det er òg lurt å lese andre ting enn læreboka.

Du kan for eksempel øve på å lese:

  • korte meldingar med informasjon eller instruksjonar (for eksempel på jobben, skulen eller i burettslaget)
  • oppslag hos legen, på skulen eller på butikken
  • brev/e-post (både personlege brev og offisielle brev, som den typen ein får frå for eksempel kommunen)
  • chattemeldingar / tekstmeldingar (SMS)
  • innlegg i sosiale medium
  • reklame
  • avisartiklar
  • kronikkar
  • bøker