Hopp til hovudinnhald

Øv til lytteprøven

Øv på å lytte til norsk språk, for eksempel på radio eller lytte til samtalar på norsk. Du kan og trene på eksempeloppgåver for å øve deg til lytteprøven.

Heile lytteprøven varer frå 30 til 60 minutt. Lengda varierer etter kva forprøvar og hovudprøve du får.

Lytteprøven er basert på ekte samtalar og meldingar fordi det er viktig at du kan klare deg i dagleglivet utanfor klasserommet.

For å få eit godt resultat på prøven, bør du:

  • øve på å høyre på (lytte til) og forstå norsk.
  • bli kjend med innhaldet i prøven og oppgåvetypane.
  • øve på eksempeloppgåvene for lytteprøven.

Slik er oppgåvåene i lytteprøven

Prøven måler språk, ikkje hukommelse. Derfor er lyttetekstane korte. Dei aller lengste er på 90 sekund, men dei fleste er på mellom 10 og 30 sekund.

Til vanleg er det ofte støy i bakgrunnen når ein snakkar saman eller lyttar til noko. Det er ikkje støy i lytteoppgåvene. Nokre oppgåver har lyd som om ein person snakkar i telefonen.

Det er ikkje meir enn to stemmer i ei oppgåve, som regel ein mann og ei kvinne, slik at du lett skal kunne skilje mellom kven som seier kva.

Lydar som "eehhh" og "tja" er meir vanleg i daglegtale enn i oppgåvene.

Talen er tilpassa nivået. Særleg på låge nivå snakkar personane langsamt og tydeleg. Kandidatar på høgare nivå skal forstå raskare tale. På nivå B2 skal du kunne forstå litt dialektpreg.

Du får høyre teksten to gonger

Vanlegvis kan du be personar du snakkar med om å gjenta noko dei har sagt, om du ikkje forstår. Det kan du ikkje på prøven.

Derfor får du høyre både spørsmålet og lytteteksten to gonger på dei aller fleste oppgåvene (alle oppgåver på nivå A1–B1). Oppgåvene som er på nivå B2 får du berre høyre éin gong.

Eksempeloppgåver

Bruk eksempeloppgåvene til å vere godt forberedt på korleis oppgåvetypane ser ut, og for å bli kjend med korleis du skal svare på oppgåvene. Dette er berre eksempel. Du vil ikkje få desse oppgåvene i prøven, men du vil få oppgåver som liknar.

Du får ikkje vite kva nivå du er på. Men du får vite kor mange oppgåver du svarer rett på.

Når du opnar oppgåvene, kan du velje om du vil gjere dei på bokmål eller nynorsk.

Du må bruke ein datamaskin (pc) for å ta eksempeloppgåvene. Dei fungerer ikkje på ein mobiltelefon eller på nettbrett.

Tips til å jobbe med oppgåvene

Oppgåvene i lytteprøven er basert på ekte samtalar og meldingar fordi det er viktig at du kan klare deg i dagleglivet utanfor klasserommet. Vi anbefaler at du lyttar til så mykje «ekte» norsk som mogleg for å bli betre i lytting. Lytt til vanlege samtalar, lydfiler til lærebøker, podcastar, radio- og TV-program, og beskjedar frå for eksempel lærarar eller leiar på arbeidsplassen.

Bruk også eksempeloppgåvene til å vere godt forberedt på korleis oppgåvetypane ser ut, og for å bli kjent med korleis du skal svare på oppgåvene.

Øv på å lytte til norsk

Vi anbefaler at du lyttar til så mykje "ekte" norsk som mogleg for å bli betre i lytting.

Du kan for eksempel lytte til:

  • vanlege samtalar
  • lydfiler til lærebøker
  • podcastar
  • radio- og TV-program (spesielt nyheitssendingar og politikarar som snakkar)
  • meldingar (for eksempel frå lærar eller leiar på arbeidsplassen)