Hopp til hovudinnhald

Pilotering av lytte- og leseoppgåver

Pilotering (utprøving av lytte- og leseoppgåver) er viktig for Norskprøven og nyttig for deltakarar.

Pilotering er viktig for prøven

  • Kor vanskelege er oppgåvene?
  • Er oppgåvene gode?

Det er piloteringa som fortel oss som lager Norskprøven om oppgåvene er gode og kor vanskelege dei er. Om ingen deltar, blir det ingen Norskprøve.

Pilotering betyr at deltakarar i vaksenopplæringa tar nye oppgåver som ikkje har vore i prøve før. Etterpå blir resultatet analysert.

Analysen viser:

  1. Kor vanskelege oppgåvene er: Vi kan sjå kven som klarer oppgåvene. (For ei A2-oppgåve, f.eks., er målet at deltakarar som er på A2 eller over, skal klare ho, mens dei som er under, ikkje skal svare rett.)
  2. Om oppgåvene er gode: Har oppgåva berre eitt rett svar? Er det mange som misforstår? Er det mange flinke som svarer feil?

Dersom oppgåvene er dårlege, eller ingen klarer dei, blir dei ikkje brukt i Norskprøven. For at analysen skal bli rett, må piloteringa bli gjennomført som ein ekte prøve. Du må ikkje få hjelp eller bruke hjelpemiddel.

For lytte- og leseprøvar som blir retta automatisk er utprøving heilt nødvendig. Minst 500 deltakarar må ta kvar oppgåve for at analysane skal bli riktige.

Pilotering er bra for deltakarane

  • Øve
  • Mange vanskelege oppgåver
  • Resultat

De deltakarar får en sjanse til å øve på prøvesituasjonen og bli kjende med oppgåvetypane.

Etterpå er det bra om lærarar og deltakarar snakkar om korleis det er å ta prøven. Målet er IKKJE å klare alle oppgåvene. Alle vil få mange oppgåver som kjennest veldig vanskelege. Det er viktig at de er førebudd på dette. Ein kan få det resultatet ein håper på, sjølv om ein føler at prøven er svært vanskeleg. Ikkje bruk lang tid på oppgåver som er for vanskelege.

Når du leverer prøven, får du resultatet ditt på skjermen. Resultatet er eit rammeverksnivå, f.eks. A1.

Tusen takk til alle som deltar i pilotering! De hjelper oss i Norskprøven med å lage ein god prøve som passar for dykk som skal ta han.

Slik deltar du i pilotering

To prøver – tre nivå

Det er 2 pilotprøvar:

  1. Leseprøve: 75 minutt
  2. Lytteprøve: 30-45 minutt

Nivå:

  1. A1-A2
  2. A2-B1
  3. B1-B2

Pålogging

Bruk Google Chrome

www.enovate.no/vox - Vel Kandidat

Brukarnamn og passord for pålogging får du av lærar.

Om pilotprøvene

Du må ikkje få hjelp til oppgåvene. Då blir analysen av oppgåvene feil. Det kan gjere at Norskprøven blir vanskelegare.

Du må gjere prøven på PC, ikkje på mobil eller nettbrett.