Statsborgarprøve
Dette skjer på prøvedagen
Du tar statsborgarprøven på ein datamaskin på prøvestaden. Hugs å ta med legitimasjon til prøven.
Du får informasjon frå prøvestaden din (der du skal ta prøven) etter at du har meldt deg på prøven. Denne informasjonen må du lese. Hugs å møte opp i god tid før du skal ta prøven.
Når du kjem til prøvestaden må du først registrere deg. Du må vise fram gyldig legitimasjon. Les meir om kva som er gyldig legitimasjon (ID) lenger nede på denne sida.
Du får tildelt ein plass
Du skal ta prøven på ein datamaskin (PC). Du kan ikkje ta prøven på din eigen datamaskin.
Det er prøveleiar (dei som jobbar på prøvestaden) som bestemmer kor du kan sitje. Du får tildelt ein plass med ein datamaskin som du skal ta prøven på.
Kven er til stades under prøven?
Prøveleiaren og andre som jobbar på prøvestaden, vil vere i rommet under prøven.
Det kan vere fleire kandidatar (personar) som tar prøven samtidig.
Har du spørsmål om prøvedagen?
Dersom du har praktiske spørsmål om prøvedagen, må du ta kontakt med prøvestaden din.
Fusk er ikkje tillate - dette kan du ikkje gjere under prøven
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Ta med gyldig legitimasjon
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon / identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilde
- norsk førarkort – original og duplikat
- postens ID-kort utskrive etter 1. april 2003
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad