Statsborgarprøve
Meld deg på
Det er kommunen som bestemmer når du kan ta prøven i din kommune. Du må betale for prøven når du melder deg på.
Når er prøven?
For å sjå når prøven er, må du først velje fylket du bur i. Då vil du sjå alle prøvestadene i fylket. Dei prøvestadene som har sett opp ein dato for prøven, vil komme først i lista, og du kan klikke på dei for å sjå kva prøvar du kan melde deg på, og kva dei kostar.
Dei prøvestadene som du ikkje kan klikke på, har ikkje sett opp påmelding for neste prøve.
Har ikkje prøvestaden sett opp ny prøvedato? Ta kontakt med prøvestaden for å få vite når neste prøvedato blir. Her kan du finne kontaktinformasjon til prøvestaden din.
Kva kostar det å ta prøven?
Kommunen din bestemmer kva prøven skal koste. Prisen kan variere mellom 500–1300 kroner. Du finn dei rette prisane i påmeldingsportalen.
Du kan også ta kontakt med prøvestaden for å få vite kva prøvane kostar.
Det er prøvestadene som har ansvar for betalinga. Vanlege måtar å betale på er bankkort (i påmeldingsportalen), i nettbank, få faktura eller etter avtale med prøvestaden.
Påmeldinga er ikkje gyldig før du har valt korleis du skal betale for prøven, og registrert påmelding.
Påmeldinga er bindande
Det betyr at du må betale for prøven dersom du har meldt deg på, sjølv om du ikkje tar prøven. (Dersom du har sjukemelding, får du ta prøven ein annan gong.)
Personvern
Hjelp til påmelding
Treng du hjelp til påmelding? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg.
Når kjem innkallinga til prøven?
Du vil få innkallingsbrev/-e-post frå prøvestaden to veker før du skal ta prøven.
I brevet får du vite dato, klokkeslett og staden du skal møte til prøven.
Har du spørsmål om dato for prøven din, ta kontakt med prøvestaden.
Vil du melde deg av prøven?
Påmeldinga til prøvane er bindande. Det betyr at når du melder deg på prøven, må du betale for han sjølv om du ikkje kan ta han. Har du sjukemelding, kan du ta prøven seinare utan å betale igjen.
Du må ta kontakt med prøvestaden din for å melde deg av.
Rettigheiter og plikter
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Praktisk informasjon
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon / identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilde
- norsk førarkort – original og duplikat
- postens ID-kort utskrive etter 1. april 2003
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad
Stortinget har bestemt at kravet til ferdigheiter i norsk munnleg heves til nivå B1 for å få norsk statsborgarskap. Endringane trådde i kraft 1. oktober 2022.