Hopp til hovudinnhald

Norskprøve teiknspråk

Prøven er eit tilbod til teiknspråklege innvandrarar, med prøvar i teiknspråklege ferdigheiter som kan erstatte prøve i lytteforståing og prøve i munnleg kommunikasjon i norskprøven A1-B2.

Kvalitetsstempelet Q-mark

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er medlem av den europeiske testorganisasjonen ALTE (Association of Language Testers in Europe).

I 2018 gjennomgjekk norskprøven ein kvalitetskontroll som resulterte i at prøven fekk kvalitetsstempel (Q-mark).

I 2023 blei prøven gjennomgått på nytt, og kvalitetsstempelet blei fornya. Dette betyr at Norskprøven tilfredsstiller dei 17 krava ALTE har til ein god språkprøve.