Hopp til hovudinnhald
Informasjon om moglege endringar og oppdateringar av identitetsnummeret ditt i prøvesystemet

HK-dir førebur overgangen til eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk, samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre at personopplysningane som blir overførte til det nye systemet, er korrekte og oppdaterte. Dette er nødvendig for å ta vare på personvernet ditt, mellom anna ved å sikre at opplysningane om deg i prøvesystemet er riktige. Les meir.

Norskprøve A1-B2

Norskprøven er for deg som er på norskkurs og andre som vil vise kor godt dei kan norsk. Prøven går frå begynnarnivå (A1) til avansert nivå (B2).

Ofte stilte spørsmål

Du finn all informasjon om norskprøven via boksane over. Finn du ikkje informasjonen du leiter etter, kan du gjerne ta ein titt på ofte stilte spørsmål om norskprøven. Der finn du både svaret på spørsmåla og lenkje til meir informasjon om temaet.

Kvalitetsstempelet Q-mark

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er medlem av den europeiske testorganisasjonen ALTE (Association of Language Testers in Europe).

Alle medlemsorganisasjonane pliktar å jamleg leggje prøvene sine fram til ein grundig revisjon som omfattar testutvikling, administrasjon og logistikk, sensur, analyse, kommunikasjon og etikk.

Norskprøven A1–B2 gjekk gjennom ein slik revisjon i 2018 og 2023.

Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå gjekk gjennom revisjon i 2026.

Alle norskprøvene til HK-dir har fått ALTE sitt kvalitetsstempel, Q-mark.