Om skriveprøven
Skriveprøven i norsk (nivå A1–B2) testar kor godt du kan skrive eigne tekstar om ulike tema på norsk. Du må bruke datamaskin for å ta denne prøven. Skriveprøven blir også kalla delprøve i skriftleg framstilling.
Du må velje nivå
Du må velje kva nivå du vil ta prøven på, når du melder deg opp til prøven. Du kan velje mellom desse nivåa:
- nivå A1–A2 (det lettaste nivået)
- nivå A2–B1 (middels vanskeleg nivå)
- nivå B1–B2 (vanskeleg nivå)
På skriveprøven kan du ikkje få eit høgare resultat enn det nivået du har meldt deg opp til. For eksempel kan du ikkje få B1 på A1-A2-prøven. Men du kan få eit lågare nivå enn det nivået prøven måler på. For eksempel kan du få A1 på A2-B1-prøven.
Det er viktig at du ikkje vel ein prøve som er for vanskeleg for deg. Dette gjeld spesielt prøven på B1-B2. B2-nivået er eit veldig høgt språkleg nivå, og det kan vere vanskeleg å svare på oppgåvene på ein forståeleg måte om du ikkje er flink nok i norsk.
Dersom du deltar på norskopplæring, bør du spørje læraren din om kva nivå du bør velje. Du kan fylle ut eit vurderingsskjema (eigenvurdering) som du kan vise til læraren din.
Dersom du ikkje deltar på norskopplæring, kan nettsida Nivåvelgeren vere til hjelp for å velje rett prøve.
For å velje rett nivå, kan det også vere nyttig å sjå eksempel på oppgåver og svartekstar på ulike nivå, og å lese om kva som er typisk for dei ulike språknivåa.
Dette testar skriveprøven
Prøven testar berre kor godt du kan skrive på norsk, og ikkje kva du kan om temaa i prøven. Oppgåvene i prøven handlar om tema som alle vaksne kjenner til, som for eksempel familie, skule og arbeid.
Prøven testar
- om du svarer på det oppgåvene spør om, på ein forståeleg måte.
- ulike sider ved språket i svara dine: tekstoppbygging, rettskriving, teiknsetting, ordforråd og grammatikk.
OBS! Skriveprøven testar sjølvstendig språkbruk, så innøvd tekst er ikkje relevant på denne prøven. Derfor bør du ikkje memorere tekst og bruke dette i svaret. Om du leverer tekst som andre har skrive, risikerer du også å bli tatt for fusk. “Fusk” betyr at det ikkje er lov å gjere på prøven. Les meir om kva som blir rekna som fusk.
Oppgåver på skriveprøven
- Oppgåve 1: skrive ei melding
- Oppgåve 2: beskrive eit bilete (cirka 50 - 80 ord)
- Oppgåve 3: fortelje om eit kjent tema (cirka 80 ord eller meir)
Du får 90 minutt (1,5 time) til å svare på desse tre oppgåvene.
Du må svare på alle oppgåvene i prøven for å få eit resultat.
- Oppgåve 1: beskrive eit bilete (cirka 80 - 100 ord)
- Oppgåve 2: fortelje om eit kjent tema (cirka 80 - 200 ord)
- Oppgåve 3: skrive ein e-post der ein grunngir ei meining (cirka 80 ord eller meir)
Du får 90 minutt (1,5 time) til å svare på desse tre oppgåvene.
Du må svare på alle oppgåvene i prøven for å få eit resultat.
- Oppgåve 1: skrive ein e-post der ein grunngir ei mening (cirka 80 ord eller meir)
- Oppgåve 2: argumentere for eit synspunkt (val mellom to oppgåver, cirka 250 - 350 ord)
Du får to timar til å svare på desse to oppgåvene.
Du må svare på begge oppgåvene i prøven for å få eit resultat.
Antalet ord som er anbefalt kan vere til hjelp, slik at du ikkje skriv altfor langt eller altfor kort på prøven.
For at du skal få vist det du kan, er det særleg viktig at svara dine ikkje er for korte.
Det er ikkje negativt for resultatet om du skriv lengre tekstar enn det vi har anbefalt, men ofte er det betre å bruke tid på å sjå over teksten din og rette feil.
Du får anten 90 minutt eller to timar på prøven
Du får meir tid på skriveprøven på det vanskelegaste nivået enn på dei andre nivåa.
- På nivå A1–A2 og nivå A2–B1 får du 90 minutt (1,5 time) til å svare på oppgåvene.
- På nivå B1–B2 får du 120 minutt (to timar) til å svare på oppgåvene.
Du kan bruke kortare tid på prøven, men du kan ikkje bruke meir tid.
Sensor set resultat på prøven
Vurdering av skriveprøven blir gjort av faste sensorar frå heile landet. Sensorane er lærarar med mykje erfaring frå undervisning og vurdering i norsk som andrespråk for vaksne.
Teksten du leverer på prøven, blir sendt til sensorane i eit dataprogram. Der gjer sensorane individuelle, uavhengige vurderingar.
Kvar tekst blir først vurdert av to sensorar, og så av ein tredje sensor dersom dei to første er ueinige.
Sensorane får ikkje vite noko om identiteten din eller om resultat du har fått på norskprøven tidlegare.
Sensorane set resultatet ut frå eit vurderingsskjema som beskriv dei ulike nivåa.
Dersom det står «ikkje nok grunnlag for vurdering» på prøvebeviset ditt, kan det vere fordi du ikkje har svart på alle oppgåvene i prøven. Det kan også vere fordi du har skrive om noko anna enn det oppgåva spør om.