Samfunnskunnskapsprøve
Be om tilrettelegging
Prøven kan bli tilpassa eller tilrettelagt på ulike måtar.
Kva er tilrettelegging?
Tilrettelegging kan for eksempel vere ekstra tid, at du får sitte på eit eige rom når du skal ta prøven, eller at du får ta prøven munnleg.
Du må kontakte prøvestaden
Dersom du har behov for tilrettelegging, må du kontakte prøvestaden din raskast mogleg , men seinast tre dagar etter at du melde deg på prøven.
Har du ikkje gode nok leseferdigheiter, kan du søke om å ta prøven munnleg. Du treng ikkje stadfesting frå lege eller liknande for å søke om å gjennomføre prøven munnleg.
Hjelp av tolk
Du kan søke om å ta prøven ved hjelp av tolk. Ein tolk vil omsette spørsmåla og svaralternativa for deg.
Dersom du treng tolk, må du ta kontakt med prøvestaden så raskt som mogleg etter at du har meldt deg på prøven.
Tilrettelegging som krev dokumentasjon
- Har du syns- eller høyrselshemmingar, må du søke til prøvestaden din om tilrettelegging. Dette gjeld også viss du skal ta prøven på teiknspråk.
- Har du dysleksi, talevanskar eller traumeproblematikk, kan du også ha rett til tilrettelegging av prøven.
Du må ha ei stadfesting frå lege, psykolog, pp-teneste eller logoped. Dette legg du ved søknaden om tilrettelegging.