Samfunnskunnskapsprøve
Les om prøven
Dersom du skal søke om permanent opphaldsløyve, kan du ta samfunnskunnskapsprøven. Prøven er også ein del av introduksjonsprogrammet for innvandrarar.
Varigheit
Prøven varer i maksimalt éin time (maks 60 minutt).
Språk
Dersom du skal bruke prøven til å søke om norsk statsborgarskap, må du ta prøven på norsk.
Ein kan ta samfunnskunnskapsprøven på eitt av 23 ulike språk. Språket vel du når du skal ta prøven på prøvestaden. Du kan også få lest opp spørsmåla på eitt av 10 språk.
Du treng ikkje velje språk når du melder deg på prøven. Du vel språk når du skal ta prøven på prøvestaden.
Ein kan ta samfunnskunnskapsprøven på desse språka:
- albansk
- amharisk
- arabisk
- bosnisk/kroatisk/serbisk
- dari
- engelsk
- fransk
- kinesisk (mandarin)
- kurdisk (sorani)
- norsk (bokmål og nynorsk)
- pashto
- persisk (farsi)
- portugisisk
- russisk
- somali
- spansk
- swahili
- thai
- tigrinja
- tyrkisk
- ukrainsk
- urdu
- vietnamesisk
Du kan få spørsmåla lesne opp ved hjelp av ei lydfil på desse språka:
- arabisk
- dari
- engelsk
- fransk
- norsk (bokmål og nynorsk)
- pashto
- somali
- sorani
- tigrinja
- urdu
Få hjelp av ein tolk
Dersom prøven ikkje er tilgjengeleg på eit språk du forstår godt, kan du søke om å ta prøven munnleg eller ved hjelp av ein tolk.
For å ta prøven munnleg eller ved hjelp av ein tolk, må du sende ein søknad til prøvestaden din. Kontakt prøvestaden eller kommunen din så raskt som mogleg etter at du har meldt deg på.
Kven må ta prøven?
Du kan ha både rett og plikt til å ta prøven. Nokre har rett til éin gratis prøve. Dersom du er under opplæring i kommunen, vil prøvestaden din hjelpe deg med å melde deg på prøven.
Kommunen din veit om du har rett til gratis prøve. Ta kontakt med kommunen din for prisar og datoar for prøven.
Har du ikkje rett til gratis prøve, må du betale for prøven og melde deg på sjølv.
Slik er prøven bygd opp
Du får 38 oppgåver. Dei fleste av oppgåvene er fleirvalsoppgåver som har tre svaralternativ, der berre eitt svar er rett. Det vil også vere biletoppgåver der du må krysse av på rett stad i biletet.
Det er berre 34 oppgåver i prøven som gir poeng, fordi vi testar ut nye oppgåver. Får du rett/feil svar på dei fire oppgåvene vi testar, vil ikkje det påverke kor mange poeng du får.
Du må ha minst 26 rette svar for å bestå prøven.
Rettigheiter og plikter
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.
Praktiske opplysningar
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon / identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilete
- norsk førarkort – original og duplikat
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad