Samfunnskunnskapsprøve
Finn resultatet ditt
Resultatet kjem 2–4 veker etter at du har tatt prøven.
Du kan logge inn på Min side for å sjå resultatet ditt, 2–4 veker etter at du har tatt prøven. På Min side kan du òg sjekke at kontaktinformasjonen din er rett.
Prøvestaden (der du tok prøven) vil sende deg resultatet av prøven din. Dersom du har bestått, vil du få eit prøvebevis. Prøvebeviset blir sendt i posten.
Prøvebevis for bestått prøve
Prøvebeviset dokumenterer at du har tatt og bestått samfunnskunnskapsprøven.
Hugs å ta godt vare på prøvebeviset ditt. Har du spørsmål om prøvebeviset, må du ta kontakt med prøvestaden. Du finn kontaktinformasjon til prøvestaden i prøveportalen.
Dersom du har mista prøvebeviset ditt, kan du ta kontakt med staden du tok prøven (prøvestaden) og be om ein kopi av prøvebeviset.
Sjå og del resultata dine frå Vitnemålsportalen
Vitnemålsportalen er ei sikker teneste du kan bruke for å dele resultata dine frå prøvar og andre eksamenar. Du kan bruke Vitnemålsportalen til å sende ei lenke med resultata dine til for eksempel studiestader og arbeidsgivarar.
Du loggar deg inn i Vitnemålsportalen gjennom ID-porten. Då treng du Minid, BankID, Buypass eller Commfides. Er du registrert med fødselsnummer i prøvesystemet vårt, kan du bruke ID-porten til å logge inn.
I Vitnemålsportalen kan du sjå dei siste og beste resultata dine på samfunnskunnskapsprøven, eller andre prøvar som norskprøven og statsborgarprøven. Du kan òg dele resultata dine på ein trygg måte med andre.
Ser du ikkje resultata dine i Vitnemålsportalen?
Ser du ikkje resultata dine i Vitnemålsportalen og du er registrert med fødselsnummer i prøvesystemet, må du kontakte prøvestaden din.
Prøvestaden kan sjekke om fødselsnummeret ditt er registrert på det kandidatnummeret du brukte då du tok prøven.
Har du ikkje registrert fødselsnummeret ditt, kan du ikkje sjå resultata dine i Vitnemålsportalen. Då må du bruke prøvebeviset som blir skrive ut frå prøvestaden og sendt til deg i posten.
Er dette det same som Min side?
Vitnemålsportalen er ikkje det same som Min side. Min side viser berre resultata dine frå prøvar du har tatt hos oss. Du kan ikkje bruke Min side for å dele resultata dine til for eksempel arbeidsgivarar.