Hopp til hovudinnhald

Språknivå

I Europa er alle landa einige om å bruke same ord når dei snakkar om språklæring og kva nokon kan på eit språk. Det finst seks nivå: A1, A2, B1, B2, C1 og C2. Desse kjem frå Det felles europeiske rammeverket for språk.

Inndeling av nivå

A1 er det lågaste nivået, og C2 er det høgaste. I Noreg har vi prøvar for nivåa frå A1-C1, men ikkje for C2. Nivåa viser for eksempel:

  • kor vanskeleg eit språkkurs er
  • kva ein skal lære på eit kurs 
  • kva ein kan når ein har tatt ein prøve

Dersom du tar ein språkprøve i Noreg og får for eksempel B1, vil folk i andre land kunne forstå kva det betyr, sidan nivåa betyr det same i heile Europa.

Les om dei ulike nivåa

A1

Du kan forstå og bruke kjende, daglegdagse ord og uttrykk. Du kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg og hjelper deg.

A2

Du kan delta i enkle samtalar om vanlege og praktiske aktivitetar som du kjenner. Du kan lese og forstå korte, enkle tekstar knytte til arbeidet ditt. Du kan skrive korte, enkle meldingar og fortelje om opplevingar og hendingar med enkle frasar og setningar.

B1

Du kan forstå hovudpunkta i klar tekst og tale om kjende emne som du ofte møter i samband med arbeid, skule og fritid. Du kan klare deg i dei fleste situasjonar som kan oppstå, og kan skrive enkle tekstar om kjende emne og kort forklare og grunngi meiningar og planar.

B2

Du kan forstå hovudinnhaldet i komplekse eller akademiske tekstar, også faglege drøftingar innanfor ditt eige fagområde. Du kan delta i samtalar med eit relativt spontant og flytande språk, og du kan skrive klare, detaljerte og argumenterande tekstar om eit vidt spekter av emne.

C1

Du kan forstå eit breitt spekter av lengre, krevjande tekstar og oppfatte bodskap som ikkje er direkte uttrykt. Du kan skrive klare, velstrukturerte og detaljerte tekstar om komplekse emne og vise at du meistrar ulike setningsmønster, bindeord og samanbindande markørar.

På C1 kan du også bruke språket munnleg og skriftleg til kognitivt krevjande oppgåver som å arbeide med, samanfatte og vidareformidle informasjon på ein presis og hensiktsmessig måte.

C2

Du meistrar godt eit svært stort språkleg repertoar og kan bruke det til å formulere tankar presist, poengtere spesielle punkt, få fram nyansar og unngå tvitydigheit. Det er ingen teikn til at ein må avgrense det ein ønsker å seie.

Kva nivå treng eg?

Opptak til høgare utdanning

Alle som søker opptak til universitet og høgskule i Noreg gjennom samordna opptak, må dekke språkkrav i norsk. Kravet for opptak til høgare studium er B2.

Du kan ta norskprøven for å dokumentere at du beherskar norsk på nivå B2. Du må oppnå B2 på alle dei fire delprøvane for å søke opptak til høgare utdanning.

Statsborgarskap eller opphaldsløyve

Dersom du skal søke om norsk statsborgarskap, må du ha eit munnleg nivå på B1. Dette har Stortinget bestemt. Du kan lese meir om krav til norskkunnskapar og statsborgarskap pånettsidene til Utlendingsdirektoratet (udi.no).

Jobbe i Noreg

Nokre jobbar har krav til norskferdigheiter på eit visst nivå og krev dokumentasjon på dette. Prøvebeviset du får etter å ha tatt norskprøven, er gyldig dokumentasjon på språknivået ditt.

Les meir om rammeverket