Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå
Når er prøven
Norskprøven C1 blir halden to gonger i året (sommar og vinter).
Neste prøve
Neste prøve i norsk nivå C1 blir 8. og 9. desember.
Påmeldingen er open frå 27. oktober kl 09.00 til 31. oktober kl 23.59.
Kommande prøvar
Nedanfor er ein oversikt over norskprøvane (nivå C1) i 2025, med dato for påmelding, gjennomføring, resultat og klagefrist.
Ikkje alle prøvestader gjennomfører prøvar i periodane du ser i oversikta. Du må lese på nettsida til kommunen for å finne ut når du kan ta prøven.
- Påmeldingsperiode: 27. oktober–31. oktober
- Prøveperiode: 8. desember og 9. desember
- Resultat: 8. januar 2026
- Frist for å klage: 6. februar 2026
Tilrettelegging
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Sommar 2025
- Påmeldingsperiode: 7. april –11. april
- Prøveperiode: 19. mai – 30. mai
- Resultat: 20. juni
- Frist for å klage: 18. juli
Haust 2025
- Påmeldingsperiode: 18. august–22. august
- Prøveperiode: 22. september– 26. september
- Resultat: 21. oktober
- Frist for å klage: 18. november