Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå
Meld deg på
Påmelding til norskprøven på høgare akademisk nivå (C1) blir arrangert to gonger i året. Prøven har to delprøvar, og du kan melde deg på éin av delprøvane eller begge.
Neste prøve
Neste prøve i norsk nivå C1 blir i perioden 2. – 3. juni 2025.
Du kan melde deg på til den neste norskprøven i perioden 7. – 11. april 2025.
Etter at du har meldt deg på, vil du få informasjon om dato for delprøvane. Dette får du seinast to veker før prøven.
Kven kan ta prøven?
Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå er ein prøve på eit svært høgt nivå. Prøven inneheld berre oppgåver som måler på C1-nivået, og du får anten C1 eller Ikkje bestått på prøven.
Vi anbefaler at du snakkar med ein lærar som kjenner dei høgste nivåa godt, for å finne det rette prøvenivået for deg. Du kan også ta ein rettleiingstest, som gir ei anbefaling om prøvenivå.
Fleire prøvestader arrangerer prøven berre for dei som høyrer til i kommunen.
Bur du i utlandet?
Høyrer du ikkje til i ein kommune, eller bur du i utlandet?
Ved desse stadene kan du ta prøven:
- Trondheim Voksenopplæring (Trøndelag fylke)
- Voksenopplæringen i Øvre Eiker (Buskerud fylke)
- Larvik læringssenter (Vestfold fylke)
Dersom du ønsker å ta prøven i ein annan kommune, må du ta kontakt med kommunen og spørje om du kan ta prøven hos dei. Dette må du gjere før du melder deg på prøven for å vere sikker på at du får ta han på prøvestaden.
Ein kan ikkje ta norskprøven i utlandet.
Kva kostar det å ta prøven?
Kommunen bestemmer kva prøven skal koste. Du finn dei rette prisane i påmeldingsportalen.
Du kan også ta kontakt med prøvestaden for å få vite kva prøvane kostar hos dei.
Det er prøvestadene som har ansvar for betalinga. Vanlege måtar å betale på er bankkort (når du fyller ut skjemaet i påmeldingsportalen), i nettbank, få faktura eller etter avtale med prøvestaden. Påmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt.
Rett til gratis prøve?
Har du rett og plikt til å delta i opplæring i norsk, kan du ta alle delprøvane gratis éin gong. Det er prøvestaden som melder deg opp til gratis prøve.
Har du ikkje rett til gratis opplæring, må du betale for prøven. Dersom du vil ta prøven på nytt etter å ha tatt han gratis tidlegare, må du også betale for prøven.
Har du ikkje rett til gratis prøve, må du melde deg opp til prøven sjølv. Du kan melde deg på prøven i perioden påmeldinga er open. Du finn datoane for påmelding øvst på denne sida.
Usikker på om du har rett til gratis prøve? Du kan lese meir om dette på nettsidene til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).
Fullfør heile påmeldinga
Det er viktig at du fullfører heile påmeldinga. Du vel korleis du betaler for prøven. Du er påmeldt når du har fått ei stadfesting på sms og e-post.
Pass på at du er registrert med rett adresse. Har du flytta og fått ny adresse, må du seie ifrå til prøvestaden.
Du får innkalling til prøven
Du vil få innkallingsbrev/-e-post frå prøvestaden to veker før du skal ta prøven. Du kan også få brevet tidlegare enn dette.
I brevet får du vite dato, klokkeslett og staden du skal møte til prøven.
Dei to delprøvane på Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå kan vere på to forskjellige datoar, men dei kan også vere på same dag.
Du må velje delprøve
Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå består av to delprøvar:
- Delprøve i lytteforståing og skriftleg framstilling
- Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon
Du vel sjølv om du vil melde deg på begge delprøvane samtidig eller berre éin av dei.
Det er ikkje lov å melde seg på same delprøve to gonger i same prøveperiode, men du kan melde deg på eit anna nivå av norskprøven, i tillegg til norskprøven på nivå C1.
Vil du melde deg av prøven?
Påmeldinga til prøvane er bindande. Det betyr at når du melder deg på prøven, må du betale for han sjølv om du ikkje kan ta han. Har du sjukemelding, kan du ta prøven seinare utan å betale igjen.
Du må ta kontakt med prøvestaden din for å melde deg av.
Tilrettelegging
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Ta med gyldig legitimasjon
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon / identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilete
- norsk førarkort – original og duplikat
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad