Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå
Finn resultatet ditt
Du får resultatet ditt på e-post. Prøvebeviset blir sendt i posten, og kan ta nokre dagar.
Når får du resultatet ditt?
Resultata frå førre prøve i norsk nivå C1 blei sendt 20. juni 2024.
Ikkje fått resultatet enno?
Dersom du enno ikkje har fått resultatet ditt, må du ta kontakt med prøvestaden (der du tok prøven). Sjekk om dei har den rette e-postadressa og postadressa di, og be dei sende deg karakterutskrifta på e-post.
Sjå resultatet på Min side
Har du registrert telefonnummeret ditt og e-postadressa di hos prøvestaden? Då kan du logge deg på Min side for å sjå resultat frå prøvane du har tatt, når resultata er klare. Du kan også sjekke om kontaktinformasjonen som er lagra om deg, er rett.
Får du ikkje logga inn på Min side, ta kontakt med prøvestaden. Dei må legge inn kontaktinformasjonen din.
Prøvebeviset
Prøvebeviset blir sendt med posten. Det kan ta nokre dagar frå det blir sendt til du får det i postkassa di.
Hugs å ta vare på prøvebeviset ditt. Det er eit bevis på kva språknivå du har oppnådd i norsk.
Har du mista prøvebeviset ditt? Ta kontakt med prøvestaden (der du tok prøven) og be om ein kopi av prøvebeviset. Det er berre prøvestaden som kan sende ut dette.
To moglege resultat på prøven
På norskprøven C1 – høgare akademisk nivå er det berre to moglege resultat:
- C1
- Ikkje bestått
Du kan ikkje få nivåa B2, B1, A2 eller A1 på denne prøven. Dersom du ønsker å bli vurdert på fleire nivå, må du ta norskprøve A1–B2.
Del resultata dine i Vitnemålsportalen
Vitnemålsportalen er ei sikker teneste du kan bruke for å dele resultata dine frå prøvar og andre eksamenar. Du kan bruke Vitnemålsportalen til å sende ei lenke med resultata dine til for eksempel studiestader og arbeidsgivarar.
Du loggar deg inn i Vitnemålsportalen gjennom ID-porten. Då treng du MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Er du registrert med fødselsnummer i vårt prøvesystem, kan du bruke ID-porten til å logge inn.
I vitnemålsportalen kan du sjå dei siste og beste resultata dine på norskprøvane, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven. Du kan også dele resultata dine på ein trygg måte med andre.
Skal du søke om studieplass?
Søker du opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, må du sende lenka til deg sjølv, og laste ned det signerte PDF-dokumentet. Dette dokumentet må du laste opp i Samordna opptak sine sider når du søker.
Språkkrav ved søknad om høgare utdanning
Alle som søker opptak til høgare utdanning, må innfri språkkrav i norsk.
Dersom du skal søke opptak til høgare utdanning, kan du bruke resultat frå norskprøvane for å dokumentere norskferdigheitene dine.
Kravet for norskferdigheiter for opptak til høgare utdanning er i dag minimum nivå B2 i alle delferdigheiter av norskprøven (leseforståing, lytteforståing, skriftleg framstilling og munnleg kommunikasjon). Det vil seie at norskprøven med resultat B2 på alle delprøvar vil dekke kravet.
Du kan også dekke kravet med å ta norskprøven C1 – høgare akademisk nivå. Prøven på C1-nivå består av to delprøvar, og kvar delprøve måler to ferdigheiter.
Resultat «C1» på begge delprøvar betyr dermed at du har oppnådd C1-nivå i alle fire ferdigheiter. Dersom du berre har éin delprøve med resultat C1, har du oppnådd C1-nivå i berre to ferdigheiter. Du må då ha resultat B2 frå norskprøven i dei to andre ferdigheitene for å dekke kravet om minst B2 i alle fire ferdigheiter.
Fått ikkje bestått?
Har du fått ikkje bestått som resultat og lurer på kva du bør gjere?
Du kan vurdere å ta norskprøven på eit lågare nivå. Les meir om norskprøven A1-B2.
Vil du ta prøven på nytt på nivå C1, bør du jobbe med ferdigheitene dine i norsk (ferdigheitene som blei målt i delprøven du vil ta på nytt).
Kva må eg gjere for å få betre resultat?
For å nå eit høgare nivå, må du forbetre språket ditt:
- Du må kunne bruke språket meir fleksibelt og meir presist, i fleire (uvante) situasjonar, og om fleire emne.
- På høgare nivå forstår du talespråk også når det er bakgrunnslyd eller fleire som snakkar samtidig. Du kan lese lange tekstar, også når strukturen ikkje er så klar.
Går du på norskundervisning kan du be læraren din om råd om kva du skal gjere for å bli endå betre og komme til neste nivå.