Norskprøven C1 – høgare akademisk nivå
Øv til prøven
Det finst ikkje eit pensum til norskprøvane. Prøven måler språknivået ditt, ikkje kunnskapen din om gitte emner. Du øver deg til prøven ved å bruke norsk; både lytte, lese, skrive og snakke.
Den beste måten å forbetre språket på, er å bruke det. Når du skal øve til prøvar i norsk bør du trene på å lytte, lese, snakke og skrive norsk.
På sida Les om prøven kan du lese om korleis prøven er bygd opp.
Tren deg på eksempelprøvar
Vi har døme på oppgåver frå begge delprøvane, slik at du kan sjå korleis prøven er bygd opp.
Det er også laga døme på svar til både dei skriftlege og dei munnlege oppgåvene til C1-prøven. Då ser du kva som er forventa på nivå C1.
Døma på oppgåver og svar er tilgjengeleg både på nynorsk og bokmål. Døma på prøvane verkar ikkje på mobil eller nettbrett.
Lytteforståing og skriftleg framstilling
Du kan òg lese døme på svar på oppgåve i skriftleg framstilling og korleis desse er vurdert:
Leseforståing og munnleg kommunikasjon
Døme på prøve og vurdering
I lydklippet nedanfor kan du høyre døme på delprøven i leseforståing og munnleg kommunikasjon. Du finn vurderinga av kandidaten under lydklippet.
Kandidaten samanfattar tekstane på ein slik måte at det er tydeleg at ho har forstått det ho har lese og formidlar derfor innhaldet i tekstane på ein klar måte.
I oppgåve 1 snakkar kandidaten litt sakte og nølande, men ikkje meir enn det som er naturleg og forventa når ein må tenkje seg om og hugse samtidig som ein snakkar. Kandidaten viser god forståing for teksten ho har lese, sjølv om ho ikkje tek med detaljar som prosentar og tal.
I oppgåve 2 gjer kandidaten greie for kva som kjem fram i tekstane, på en tydeleg måte, og set tekstane opp mot kvarandre: "Lorens Lande argumenterer for det motsatte." Kandidaten argumenterer for eige synspunkt på saka på ein klar og uanstrengd måte.
I oppgåve 3 snakkar kandidaten sjølvstendig og formulerer seg godt om eit krevjande emne: "Man trenger så mange andre egenskaper for å jobbe i medisin og psykologi, som jeg tror ikke blir fanget opp med karakterer ..."
Kandidatens munnlege språk er på nivå C1.
- Uttalen er tydeleg og god, men kandidaten har litt avvikande vokal-lengde og -kvalitet: "uttmarken", "narheten". Dette går ikkje ut over forståeligheita eller flyten.
- Når det gjeld grammatikk, viser kandidaten god kontroll og variasjon, men ho har ei og anna glipp i bøyningsmønster: "skulle slår", "som man få på helligdagen" "min egen synspunkt".
- Ordforrådet er stort og brukast på ein korrekt og passande måte. Det hender at ordvalget er litt uidiomatisk: "tenke så mye om trusselen", "fred og stille", "en som veldig vil hjelpe meg". Ho har likevel òg mange døme på god idiomatisk språkbruk: "symbol for noe større", "fange opp med karakterer", "pugge".
Kandidaten snakker forståeleg, effektivt og uanstrengd og vurderast til C1.
Formidling/vidareformidling
Oppgåve 1
Kandidaten oppsummerer lesetekst 1 og vidareformidlar innhaldet på ein slik måte at ein som ikkje har lese teksten, får ei god forståing av innhaldet. Det er tydeleg at kandidaten verkeleg har forstått det ho har lese. Kandidaten vel å ikkje gå i detalj om tala i undersøkingane det blir vist til i teksten, men i ei oppsummering vil ein måtte utelate noko, og vidareformidlinga er likevel klar og god.
Oppgåve 2
Kandidaten presenterer synspunkta i lesetekst 2 og 3 på ein ryddig og lett forståeleg måte. Ho tar deretter stilling til kven ho er mest einig med, og argumenterer og underbygger synspunkta sine på ein klar, strukturert og utfyllande måte.
Oppgåve 3
Kandidaten argumenterer klart og godt for eigne synspunkt på påstanden, og det er lett å forstå ho. Ein merkar lite nøling eller leiting etter ord og former.
Språklege kriterium
På dei språklege kriteria skal ein vurdere heilskapen i prestasjonen. Dette er ein kandidat som presterer svært godt samla sett. Ho snakkar forståeleg, effektivt og uanstrengt og har svært god flyt. Kandidaten har enkelte avvik i uttalen, for eksempel når det gjeld vokalkvaliteten: «høldninger», «håvedretorikk» og vokallengde: «lege til rette», «heeligdager», «ale», men i det store og heile er uttalen svært god.
Kandidaten har eit stort og variert vokabular, og orda blir i all hovedsak brukt korrekt. Det er nokre glippar i preposisjonsbruken i faste uttrykk som for eksempel «er utsatt på», «behov til å hjelpe», «redd av mennesker». Når det gjeld grammatikk, passar formuleringane i vurderingskriteria godt til kandidaten sin prestasjon: Kandidaten viser gjennomgåande høg grad av grammatisk kontroll i bøying og syntaks og har eit breitt nok repertoar av grammatiske strukturar til å uttrykke seg nyansert. Enkelte glippar førekjem riktignok, som i «er en polarisert debatt i mange år», «så stort debatt», «det motsatte meningen».
Kandidaten blir vurdert til å vere på nivå C1 i alle kriterium knytta til Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon.
Formidling/vidareformidling
Oppgåve 1 er ei oppsummering av ein populærvitskapeleg forskingsartikkel, i dette tilfellet «Blir du lurt på butikken?». Kandidaten viser at han har forstått teksten, og vidareformidlar innhaldet på ein grundig og lett forståeleg måte. Han snakkar i nesten 6 minutt, noko som er i overkant av det som er nødvendig på denne oppgåva.
I oppgåve 2 oppsummerer han innhaldet i dei to meiningsytringane som omhandlar «verdien av arbeid». Han vidareformidlar innhaldet i begge tekstane på ein noko knapp måte, men likevel dekkande og lett forståeleg, utan å utelate sentrale delar av innhaldet. Det er tydeleg at han har forstått innhaldet i tekstane. Han seier kven han er mest einig med, og forklarer kvifor; «Det er ekstremt viktig og essensielt at vi lærer oss å sette pris på kunst. Det er noe som gjør livet verdt å leve.»
På oppgåve 3 vel han å snakke om påstanden «Alle stortingspolitikarar burde ha minst ti års arbeidserfaring utanfor politikken». Han argumenterer for at politikarar skal ha erfaring «fra den reelle verden» og ha kompetanse innanfor felt som økonomi, teknologi og samfunnskunnskap og helst akademisk utdanning. Han snakkar om temaet på ein sakleg og elevert måte. Han snakkar svært sjølvstendig, argumenterer for meiningane sine og underbygger meiningane sine på ein lett forståeleg måte.
Språklege kriterium
Kandidaten snakkar svært korrekt og akademisk, kanskje meir enn kva ein kan forvente i vanleg munnleg språkproduksjon.
Kandidaten har svært god flyt.
Uttalen er tydeleg og er lett å forstå. Ein viss påverknad frå morsmålet er tydeleg, men ikkje på ein slik måte at det er vanskeleg å forstå kva han seier, kanskje med unntak av når han refererer til boka «Overtalelsespsykologi». Dette ordet er vanskeleg å oppfatte, men elles er det berre små uttaleavvik; Enkelte vokalar blir uttalt litt unorsk: «Lukt» blir uttalt med u-lyd, «synet» blir uttalt «sunet», «være» blir uttalt meir som «vare». «Gi» og «begynne» blir uttalt med hard g. «Den» blir uttalt «denj», noko som kan skuldast påverknad av dialekten der kandidaten er busett, noko som sjølvsagt ikkje er feil. Kandidaten legg trykk på feil stad i enkelte ord: utfØrer, overbevIse, usUnne varer, utlØse, innrØmme, markEdet, påstÅr, påstAnden. Uttaleavvika er ikkje konsekvente, og dei har ikkje noko betyding for forståelegheita. Dermed er dette i tråd med uttalekriteria på C1.
Kandidaten har eit stort og variert vokabular og bruker orda korrekt. Det finst nokre eksempel på feil ordval; «Sansene blir utnyttet», «Politikere må være begrunnet (forankret) i virkeligheten.», «Oppnår en viss tidspunkt i livet sitt, det vil si at de oppnår en viss alder …» (kommer til eit visst tidspunkt/ oppnår ein viss alder.) Desse feila går ikkje utover forståelegheita.
Grammatikk
Kandidaten snakkar i lange og avanserte setningar, og formuleringane frå kriteria passar godt: «viser gjennomgåande høg grad av grammatisk kontroll i bøyingar og syntaks og har eit breitt nok repertoar av grammatiske strukturar til å uttrykke seg nyansert.»
Han gjer enkelte feil som han sjølv rettar opp, og han har nokre få inversjonsfeil. «Det naturligvis fører til.» «Selv om de trenger ikke dem i utgangspunktet.» Enkelte glipp i grammatikk, ikkje minst i inversjon, er framleis å forvente på C1-nivået.
Kandidaten er vurdert til å vere på nivå C1 på alle kriterium knytta til Delprøve i leseforståing og munnleg kommunikasjon.