Norskprøve A1-B2
Les om prøven
Prøven i norsk består av fire delprøvar. Delprøvane måler kor god du er til å snakke og skrive norsk, og kor godt du forstår skriftleg og munnleg norsk.
Norskprøven har fire delar
Norskprøven er delt inn i fire delprøvar. Desse delprøvane er: leseprøve, lytteprøve, skriveprøve og munnleg prøve (snakking).
Leseprøven, lytteprøven og skriveprøven tar du på ein datamaskin (PC). Desse prøvane er vanlegvis på same dag.
På skriveprøven og munnleg prøve må du velje kva språknivå du vil ta prøven på.
- Leseprøven testar kor godt du forstår tekstar du les på norsk.
Les meir om leseprøven. - Lytteprøven testar kor godt du forstår norsk du høyrer (når andre personar snakkar).
Les meir om lytteprøven. - Skriveprøven testar kor godt du skriv eigne tekstar om ulike tema på norsk. Du må velje språknivå når du melder deg opp til prøven. Du kan ikkje få eit høgare resultat enn det nivået du har meldt deg opp til.
Les meir om skriveprøven. - Munnleg prøve tester kor godt du snakkar norsk. Prøven har ein samtaledel og ein individuell del. Du må velje språknivå når du melder deg på prøven. Du tar prøven saman med ein annan kandidat (ein annan person som òg tar prøven.)
Les meir om munnleg prøve.
Dei fleste prøvestadene i landet har norskprøve fire gonger i året. Du bestemmer sjølv kor mange delprøvar du vil ta. Du kan ta alle fire delprøvane, eller du kan ta éin, to eller tre. Du kan ta éin eller fleire delprøvar på nytt seinare om du vil forbetre resultatet ditt.
Prøven måler språknivået ditt
Det er ikkje pensum til norskprøven. Det betyr at du ikkje må lese bestemte bøker eller vite bestemte ting. Alle som er på same nivå i norsk, skal ha same sjanse for å gjere det godt på prøven, uansett om ein har gått på norskkurs eller ikkje.
Prøven testar om du kan bruke norsk på måtar du har bruk for i dagleglivet, i utdanning og i arbeidslivet. Prøven testar ikkje faktakunnskap.
Du skal vise at du kan bruke språket til å forstå det du høyrer og les, og til å uttrykke deg munnleg og skriftleg.
På denne norskprøven er A1 det lågaste språknivået og B2 er det høgaste språknivået. Les meir om alle språknivåa, kva dei betyr og kva nivå du treng for å studere, jobbe eller få statsborgarskap i Noreg.
Sensor set resultat på prøven
På skriveprøven og munnleg prøve er det sensorar som vurderer prøven din og set resultatet ditt. Sensorane er lærarar med mykje erfaring frå undervisning og vurdering i norsk som andrespråk for vaksne.
På skriveprøven blir teksten du skriv sendt til minst to sensorat i eit dataprogram.
På prøven i munnleg sit sensor i same rom som deg og høyrer på. Det vil òg vere ein eksaminator det. Ein eksaminator er ein person som jobbar på prøvestaden og som stiller deg spørsmål på prøven.
Både sensor og eksaminator har fått opplæring og trening i vurderingsarbeid, slik at dei veit korleis dei skal vurdere prøven.
På lytte- og leseprøven er det ikkje ein egen sensor som vurderer. Prøvane blir vurdert automatisk av datasystemet.
Alle resultata kjem samtidig
Resultata for alle delprøvane blir sende ut samtidig. Du får resultatet på prøvane du har tatt etter nokre veker. Les meir om resultat på norskprøven.
Du har rett til å klage på resultatet på skriveprøven. Når du klager, kan du få eit dårlegare resultat, det same resultatet eller eit betre resultat. Du kan ikkje klage på nytt etter at du har fått resultatet frå klagebehandlinga. Les meir om klage på norskprøven.
Rettar og plikter
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Tekstane du skriv på skriveprøven, skal vere ditt eige arbeid. Kopiering og plagiat er ikkje lov.
Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, for eksempel henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst.
Det gjeld òg om du har memorert tekst og brukar det i prøven din.
Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.