Norskprøve A1-B2
Øv til prøven
Norskprøven testar ikkje kunnskapen din, berre språk. Det er altså ikkje eit eige pensum til norskprøvane. Prøven måler kva språkleg nivå norsken din er på. Du øver deg til prøven ved å trene på norsk språk. Du kan òg bruke eksempeloppgåvene til å forberede deg.
Den beste måten å forbetre språket ditt på, er å bruke det. Når du skal øve til prøvar i norsk, bør du trene på å lytte, lese, snakke og skrive norsk.
Eksempeloppgåvene viser dei ulike oppgåvetypane du vil få på delprøvane. Dette er berre eksempel. Du vil ikkje få desse oppgåvene på prøvedagen, men du vil få oppgåver som liknar. Du får ikkje resultat på eksempeloppgåvene. På lytte- og leseoppgåvene får du vite kor mange oppgåver du svarer rett på. Du kan ikkje sende inn tekst eller lydopptak.
Øv til leseprøven
Leseprøven testar ikkje kunnskapen din, berre språk. Du får ikkje resultat på eksempeloppgåvene, men du får vite kor mange oppgåver du svarer rett på.
Øv til lytteprøven
Lytteprøven er basert på ekte samtalar og meldingar fordi det er viktig at du kan klare deg i dagleglivet utanfor klasserommet.
Øv til skriveprøven
Prøven testar berre kor godt du kan skrive på norsk, og ikkje kva du kan om temaa i prøven.
Øv til munnleg prøve
Oppgåvene i den munnlege prøven handlar om å kunne snakke om ulike tema.