Ofte stilte spørsmål om norskprøven
Her finn du svar på nokre spørsmål som mange stiller om norskprøven. Dette er berre litt ekstra viktig informasjon. Du finn meir informasjon og fleire detaljar under "norskprøve A1–B2" i menyen.
Når og kvar er norskprøven?
Det er norskprøve fire gonger i året.
Det er kommunen din som bestemmer om det skal vere norskprøve der du bur. Les på kommunen sine nettside eller kontakt kommunen.
Nei. Ein kan berre ta norskprøven A1–B2 i Noreg, på ein godkjend prøvestad.
Du kan ta prøven på somme prøvestader i Noreg.
Påmelding
Påmelding til norskprøven er omtrent fem veker før prøven. Du kan melde deg på i løpet av «påmeldingsperioden», som varer frå måndag morgen til fredag kveld.
Du kan melde deg opp til prøven frå denne nettstaden når påmeldinga er open.
Pris og betaling
Det er kommunen som bestemmer prisen.
Ein delprøve kostar ofte mellom 400 og 1200 kroner, mens ein heil prøve (4 delprøvar) ofte kostar mellom 1500 og 2500 kroner.
Om du har rett til gratis prøve, må du ta kontakt med prøvestaden din.
Prøvestaden bestemmer korleis du kan betale. Dei fleste tar bankkort og kan sende ein faktura til deg.
«Bindande påmelding» betyr at dei som har meldt seg på prøven, må betale for han.
Dersom du har meldt deg på, må du betale, sjølv om du ikkje kan ta prøven.
Du får ikkje lov til å ta prøven før du har betalt for han.
Resultat
Du kan klage på resultatet på skriftlig delprøve.
Det tar cirka tre veker. Du får alle resultata samtidig. Det er ikkje mogleg å få resultat tidlegare.
Dersom du tar prøven (eller delprøvar) fleire gonger, blir det beste resultatet ståande på prøvebeviset.
Dersom du klagar på resultatet på skriveprøven, og så får eit lågare resultat enn det du klaga på, er det det nye resultatet som gjeld på denne prøven.
Korleis er prøven?
«Adaptiv» betyr «tilpassa».
Lytteprøven og leseprøven er delvis adaptive: Du får ikkje ein prøve som er spesielt tilpassa deg, men du får ein lett, middels eller vanskeleg hovudprøve, basert på kor mykje rett du har på forprøvane.
På lytteprøven og leseprøven er det to forprøvar med cirka 7 oppgåver i kvar. Etterpå er det ein hovudprøve med 15–25 oppgåver.
På munnleg prøve får du fire oppgåver på A1–A2, og tre oppgåver på dei andre nivåa. Skriftleg prøve har tre oppgåver på A1–A2 og A2–B1 og to oppgåver på B1–B2.
Det varierer frå prøve til prøve og nivå til nivå. Du kan ha mange feil og likevel få det nivået du ynskjer å oppnå. Du får ikkje vite kor mange rette du fekk, du får berre eit resultat.
På skriftleg prøve står det i oppgåva omtrent kor langt du skal skrive. Det er ok å skrive meir, men det er ikkje nødvendig. Du får ikkje betre eller dårlegare resultat om du skriv fleire ord enn det som er tilrådd.
Nei. Det er ikkje nødvendig å bruke spesielle faste uttrykk, som «alfa og omega», «til sjuande og sist» og «slå to fluger i ein smekk». Det kan vere vanskeleg å bruke slike uttrykk riktig, og om ein bruker dei feil, kan det gi eit dårlegare resultat. Det som er viktig, er å kunne uttrykke seg på forståeleg norsk.
Nei.
Dersom du har spesielle behov, kan du søke om tilpassing eller tilrettelegging.
Språk og dialekter
Norskprøven er ein prøve i norsk språk. Derfor blir innslag frå alle andre språk vurdert som feil, sjølv om nordmenn ofte forstår engelsk, dansk og svensk.
Men det viktigaste er at språket er forståeleg, spesielt på A1 og A2. Derfor kan det vere ok å bruke nokre få utanlandske ord som liknar på norske ord.
På B1 og B2 er det viktigare at orda er norske og har rett uttale og stavemåte. På desse nivåa bør du prøve å unngå utanlandske ord og uttrykk.
Du kan bruke dialekt på munnleg prøve.
Du må skrive bokmål eller nynorsk på skriveprøven.