Norskprøve A1-B2
Finn resultatet ditt
Du får resultatet ditt på e-post. Prøvebeviset blir sendt i posten og kan ta nokre dagar.
Når får du resultatet ditt?
Resultatet frå prøver i norsk kjem 22. oktober til e-postadressa di.
Ikkje fått resultatet enno?
Dersom du framleis ikkje har fått resultatet ditt, må du kontakte prøvestaden der du tok prøven. Sjekk om dei har riktig e-postadresse og postadresse, og be dei sende deg karakterutskrifta på e-post.
Sjå resultatet på Min side
Har du registrert telefonnummeret og e-postadressa di hos prøvestaden? Då kan du logge deg på Min side for å sjå resultata frå prøvene du har tatt , når dei er klare. Du kan også sjekke om kontaktinformasjonen som er lagra om deg er riktig.
Får du ikkje logga inn på Min side, må du kontakte prøvestaden. Dei må registrere kontaktinformasjonen din.
Prøvebeviset
Prøvebeviset blir sendt i posten. Det kan ta nokre dagar frå det blir sendt til du får det i postkassa.
Hugs å ta vare på prøvebeviset ditt. Det er eit bevis på kva språknivå du har oppnådd i norsk.
Har du mist prøvebeviset ditt?
- ·Dersom du tok prøven etter mars 2014, må du kontakte prøvestaden og be om ein kopi av prøvebeviset. Det er berre prøvestaden som kan sende ut dette.
- ·Dersom du tok prøven før mars 2014, kan du fylle ut eit skjema for å få tilsendt eit brev som stadfestar resultatet du fekk. (Dette er ikkje eit prøvebevis, berre ei stadfesting av resultatet.) Du vil få svar innan tre veker. Dersom du har bestått prøven, sender vi brev som stadfestar resultatet. Dette blir sendt til Digipost/e-Boks. Gå til skjema for å bestille nytt prøvebevis.
Del resultata dine frå Vitnemålsportalen
Vitnemålsportalen er ein trygg teneste du kan bruke for å dele resultata dine frå prøver og andre eksamenar. Du kan bruke Vitnemålsportalen til å sende ein lenkje med resultata dine til for eksempel studiestader og arbeidsgivarar.
Du loggar deg inn i Vitnemålsportalen gjennom ID-porten. Då treng du MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Er du registrert med fødselsnummer i prøvesystemet vårt, kan du bruke ID-porten til å logge inn.
Du kan også logge inn i Vitnemålsportalen via Feide. Dette krev at du allereie har ein Feide-brukar (har brukt Feide tidlegare).
I Vitnemålsportalen kan du sjå dei siste og beste resultata dine på norskprøven, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven. Du kan også dele resultata dine på ein trygg måte med andre.
Skal du søkje om studieplass?
Søkjer du opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, må du sende lenkja til deg sjølv, og laste ned det signerte PDF-dokumentet. Dette dokumentet må du laste opp på Samordna opptak sine sider når du søkjer.
Kva betyr resultatet mitt?
Kva må eg gjere for å få betre resultat?
For å nå eit høgare nivå, må du forbetre språket ditt:
- Du må kunne bruke språket meir fleksibelt og presist i fleire (uvante) situasjonar, og om fleire emne.
- På høgare nivå forstår du talespråk sjølv når det er bakgrunnsstøy eller fleire snakkar samtidig. Du kan lese lange tekstar, sjølv når strukturen ikkje er så tydeleg.
Ein lærar kan forklare og gi råd om kva du bør gjere for å bli enda betre og nå neste nivå.
Tatt norskprøven før 2014?
Har du tatt ei norskprøve tidlegare og lurer på kva resultatet ditt betyr i dag? Sjå kva språknivå resultatet ditt kan samanliknast med.
Klagefristar og datoar for kommande prøver
Våren 2024:
- Prøveperiode: 11.–15. mars
- Resultat: frå 10. april og framover
- Frist for å klage: 8. mai
Sommaren 2024:
- Påmeldingsperiode: 15.–19. april
- Prøveperiode: 21. mai–31. mai
- Resultat: frå 20. juni og framover
- Frist for å klage: 18. juli
Hausten 2024:
- Påmeldingsperiode: 19.–23. august
- Prøveperiode: 23.–27. september
- Resultat: frå 22. oktober og framover
- Frist for å klage: 19. november
Vinteren 2024:
- Påmeldingsperiode: 28. oktober–1. november
- Prøveperiode: 2.–6. desember
- Resultat: frå 9. januar 2025 og framover
- Frist for å klage: 6. februar 2025