Norskprøve A1-B2
Be om tilrettelegging
Prøven kan bli tilpassa eller tilrettelagt på forskjellige måtar.
Tilrettelegging på prøvestaden
Du kan justere lyd og skriftstorleik i prøven på datamaskinen du bruker på prøvestaden. Dette treng du ikkje å søke om.
Du kan sjå på eksempelprøvane for å finne ut korleis dette verkar. Eksempelprøvane finn du på sida Øv til prøven.
Særskild tilrettelegging
Om du meiner at du har rett på annan tilrettelegging, skal du søke til prøvestaden om dette.
Eksempel på tilrettelegging kan blant anna vere:
- Prøve tilpassa synshemma
- Prøve på papir (ikkje på pc)
- Bruk av digitale hjelpemiddel (på skriveprøven og leseprøven)
- Ta prøven i eige rom
- Ekstra tid
- Ta munnleg prøve utan medkandidat
Når du søker til prøvestaden om tilrettelegging, må du legge ved dokumentasjon/utsegn frå lege, psykolog, PP-teneste eller logoped som viser at du har ein vanske som gir deg rett til tilrettelegging.
Du må kontakte prøvestaden så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du har meldt deg på prøven.
Digitale hjelpemiddel
Dersom du har dokumentasjon på ein lese- og/eller skrivevanske, kan du søke til prøvestaden om å få bruke digitale hjelpemiddel på delprøve i lesing og skriving.
Då er det mogleg å få bruke nokre av funksjonane til eit digitalt hjelpemiddelprogram, som Lingdys eller Intowords/CD-ord.
På skriveprøven kan du bruke skjermlesar, ordprediksjon (foreslår påbegynt ord) og kontroll av tekst/skrivestøtte. Du kan ikkje bruke ordbok eller ordprediksjon som foreslår neste ord.
På leseprøven kan du bruke skjermlesar (anten ved hjelp av å markere tekst eller ved hjelp av å ta skjermbilete av tekst). Markert tekst blir lesen opp, slik at du kan høyre han samtidig som du les. Du kan ikkje bruke ordbok.
Lær å bruke hjelpemiddel før prøven
Intowords/CD-ord og Lingdys er lese- og skrivestøtteprogram som er spesielt utvikla for personar med spesifikke lese- og skrivevanskar.
For å få den støtta som eit digitalt hjelpemiddel kan gi, må du kjenne til korleis det fungerer. Du må lære deg å bruke det aktuelle hjelpemiddelet i god tid før prøven.
Du kan øve på eksempeloppgåvene for skrive- og leseprøven for å sjå korleis det verkar. Du finn eksempeloppgåvene på sida Øv til prøven.
Du kan spørje på lærestad/prøvestad om dei har eit digitalt hjelpemiddel som du kan få øve på å bruke. Om du ikkje veit korleis du bruker eit digitalt hjelpemiddel, bør du ikkje bruke det på prøven.
Stønad til digitale hjelpemiddel
NAV Hjelpemiddelsentral kan gi stønad til Lingdys/Tekstpilot og Intowords/CD-ord. Kandidatar kan få hjelp av prøvestaden til å søke om stønad.
For å få innvilga stønad må du:
vere under utdanning/opplæring
ha dokumentasjon frå ein fagperson på spesifikke språkvanskar (for eksempel dysleksi)