Norskprøve teiknspråk
Meld deg opp
Før du melder deg opp til prøven, bør du lese meir om prøven, om korleis han er bygd opp, og kva nivå du bør velje.
Neste prøve du kan melde deg opp til, er prøven som er i desember 2024.
Du kan melde deg opp til denne norskprøven frå måndag 28. oktober kl. 09:00. Påmeldinga stenger fredag 1. november kl. 23:59.
Du vel sjølv kor mange delprøvar du vil melde deg opp til (det er fire delprøvar i norskprøven). Du kan ikkje melde deg opp til den same delprøven fleire gonger i den same perioden.
Ta kontakt med prøvestadendersom du skal ta prøvar i norsk teiknspråk.
På tre av delprøvane må du velje kva nivå du vil ta prøven på.
Fullfør heile påmeldinga
Det er viktig at du fullfører heile påmeldinga. Du må velje korleis du betaler for prøven. Du er påmeld når du har fått det stadfesta på sms og e-post.
Du må skrive rett adresse når du melder deg opp til prøven. Har du flytta og fått ny adresse, så må du seie ifrå til prøvestaden.
Kven kan ta prøven?
Målgruppa for delprøvane for teiknspråkbrukarar er vaksne innvandrarar som får opplæring i både norsk teiknspråk og skriftleg norsk.
Prøvane inneheld oppgåver som er berekna på vaksne og kan vere utfordrande for kandidatar under 18 år å svare på.
Fleire prøvestader arrangerer prøven berre for dei som tilhøyrer kommunen.
Bur du i utlandet?
Tilhøyrer du ikkje ein kommune eller bur du i utlandet?
Desse stadene kan du ta prøven:
- Trondheim Vaksenopplæring (Trøndelag fylke)
- Vaksenopplæringa i Øvre Eiker (Buskerud fylke)
- Larvik læringssenter (Vestfold fylke)
Dersom du ønsker å ta prøven i ein annan kommune, må du ta kontakt med kommunen og spørje om du kan ta prøven hos dei. Dette må du gjere før du melder deg opp til prøven, for å vere sikker på at du får ta han på prøvestaden.
Du kan ikkje ta prøven i utlandet.
Kva kostar det å ta prøven?
Kommunen din bestemmer kva prøven skal koste. Prisen kan variere mellom 300,- og 2 200,- kroner. Du finn dei rette prisane i påmeldingsportalen.
Du kan òg ta kontakt med prøvestaden for å få vite kva prøvane kostar hos dei.
Det er prøvestadene som har ansvar for betalinga. Vanlege måtar å betale på er bankkort (når du fyller ut skjemaet i påmeldingsportalen), i nettbank, få faktura eller etter avtale med prøvestaden.
Rett og plikt til prøven
Har du rett og plikt til å delta i opplæring i norsk, kan du ta alle delprøvane gratis éin gong. Det er prøvestaden som melder deg opp til gratis prøve.
Dersom du ikkje har rett og plikt til opplæring i norsk, eller skal ta prøven på nytt, må du melde deg opp til prøven sjølv. Når du melder deg opp sjølv, må du òg betale for prøven.
Kva nivå skal eg velje?
Prøven for teiknspråkbrukarar (norsk og norsk teiknspråk) har fire delprøvar:
- Avlesing i norsk teiknspråk
- Teiknspråkleg kommunikasjon
- Leseforståing
- Skriftleg framstilling
Når du melder deg opp til delprøvane i teiknspråkleg kommunikasjon, avlesingsprøve og skriftleg framstilling, må du velje kva nivå du skal ta delprøvane på. For kvar av desse tre delprøvane vel du om du vil ta prøven på nivå;
- A1–A2
- A2–B1
- B1–B2 (ikkje på avlesingsprøven)
På delprøven i teiknspråkleg kommunikasjon kan du få eit betre resultat enn det nivået du har meldt deg opp til, men det kan du ikkje på avlesingsprøven eller delprøven i skriftleg framstilling. Det er derfor viktig at du melder deg opp til rett nivå.
Hjelp til å velje nivå
Dersom du går på eit norskkurs, kan du spørje læraren din om hjelp til å velje rett nivå.
Det finst eit skjema for eigenvurdering som òg kan vere til hjelp.
Når kjem innkallinga?
Du vil få innkallingsbrev/-e-post frå prøvestaden to veker før du skal ta prøven. Du kan òg få brevet tidlegare enn dette.
I brevet får du vite dato, klokkeslett og staden du skal møte til prøven. Delprøvane kan vere på same dag, eller på ulike dagar.
Har du spørsmål om dato for prøven din, må du kontakte prøvestaden.
Vil du melde deg av prøven?
Påmeldinga til prøvane er bindande. Det betyr at når du melder deg opp til prøven, må du betale for han sjølv om du ikkje kan ta han. Har du sjukemelding, kan du ta prøven seinare utan å betale igjen.
Du må ta kontakt med prøvestaden din for å melde deg av.
Tilrettelegging
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Viktige datoar for norskprøvane
Våren 2024:
- Prøveperiode: 11.–15. mars
- Resultat: frå 10. april og framover
- Frist for å klage: 8. mai
Sommaren 2024:
- Påmeldingsperiode: 15.–19. april
- Prøveperiode: 21. mai–31. mai
- Resultat: frå 20. juni og framover
- Frist for å klage: 18. juli
Hausten 2024:
- Påmeldingsperiode: 19.–23. august
- Prøveperiode: 23.–27. september
- Resultat: frå 22. oktober og framover
- Frist for å klage: 19. november
Vinteren 2024:
- Påmeldingsperiode: 28. oktober–1. november
- Prøveperiode: 2.–6. desember
- Resultat: frå 9. januar 2025 og framover
- Frist for å klage: 6. februar 2025