Norskprøve teiknspråk
Finn resultatet ditt
Du får resultatet ditt på e-post. Prøvebeviset blir sendt i posten, og kan ta nokre dagar.
Når får du resultatet ditt?
Resultata frå førre prøve i norsk og norsk teiknspråk blir sendt 22. oktober 2024 til di e-postadresse.
Ikkje fått resultata enno?
Dersom du enno ikkje har fått resultata dine, må du ta kontakt med prøvestaden (der du tok prøven). Sjekk om dei har den rette e-postadressa og postadressa di, og be dei sende deg karakterutskrifta på e-post.
Sjå resultatet på Min side
Har du registrert telefonnummeret ditt og e-postadressa di hos prøvestaden? Då kan du logge deg på Min side for å sjå resultat frå prøvane du har tatt, når resultata er klare. Du kan også sjekke om kontaktinformasjonen som er lagra om deg, er rett.
Får du ikkje logga inn på Min side, ta kontakt med prøvestaden. Dei må legge inn kontaktinformasjonen din.
Prøvebeviset
Prøvebeviset blir sendt med posten. Det kan ta nokre dagar frå det blir sendt til du får det i postkassa di.
Hugs å ta vare på prøvebeviset ditt. Det er eit bevis på kva språknivå du har oppnådd i norsk.
Har du mista prøvebeviset ditt?
- Viss du tok prøven etter mars 2014, må du kontakte prøvestaden og be om ein kopi av prøvebeviset. Det er berre prøvestaden som kan sende ut dette.
- Viss du tok prøven før mars 2014, kan du fylle ut eit skjema for å få tilsendt eit brev som stadfestar resultatet du fekk. (Dette er ikkje eit prøvebevis, berre ei stadfesting av resultatet.) Du vil få svar frå oss innan tre veker. Viss du har bestått ein prøve, sender vi brev som stadfestar resultatet. Dette blir sendt til Digipost/e-Boks. Gå til skjema for å få tilsendt nytt prøvebevis.
Del resultata dine i Vitnemålsportalen
Vitnemålsportalen er ei sikker teneste du kan bruke for å dele resultata dine frå prøvar og andre eksamenar. Du kan bruke Vitnemålsportalen til å sende ei lenke med resultata dine til for eksempel studiestader og arbeidsgivarar.
Du loggar deg inn i Vitnemålsportalen gjennom ID-porten. Då treng du MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Er du registrert med fødselsnummer i vårt prøvesystem, kan du bruke ID-porten til å logge inn.
I vitnemålsportalen kan du sjå dei siste og beste resultata dine på norskprøvane, samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven. Du kan også dele resultata dine på ein trygg måte med andre.
Skal du søke om studieplass?
Søker du opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, må du sende lenka til deg sjølv, og laste ned det signerte PDF-dokumentet. Dette dokumentet må du laste opp i Samordna opptak sine sider når du søker.
Kva betyr resultatet mitt?
På tre av delprøvene kan du oppnå resultat frå A1 (lågaste nivå) til B2 (høgaste nivå).
På delprøva i avlesing av norsk teiknspråk er B1 det høgaste nivået du kan få.
Tatt norskprøven før 2014?
Har du tatt ein norskprøve tidlegare og lurer på kva resultatet ditt betyr i dag? Sjå kva språknivå resultatet ditt kan samanliknast med.