Norskprøve teiknspråk
Moglegheiter til å klage
Du kan berre klage på resultatet på skriveprøven (også kalla delprøven i skriftleg framstilling). Det er ikkje mogleg å klage på resultata frå dei andre delprøvane, men du kan klage på formelle feil som skjedde under gjennomføringa av prøven. Du kan òg klage på vedtaket viss du blir teken for fusk.
Klage på resultatet
Du kan berre klage på resultatet på delprøve i skriftleg framstilling. Når du klagar, kan du få:
- det same resultatet som du opphavleg fekk.
- eit dårlegare resultat enn du opphavleg fekk.
- eit betre resultat enn du opphavleg fekk.
Du kan ikkje klage på nytt etter at du har fått resultatet frå klagebehandlinga. Dersom du ikkje får eit betre resultat, får du vite kva kriterium som gjer at du ikkje har fått eit høgare resultat.
Du kan ikkje klage på resultata frå leseprøven, avlesingsprøven eller prøven i teiknspråkleg kommunikasjon.
Frist for å klage på resultatet
Fristen for å klage på delprøven i skriftleg framstilling er 19. november, viss du tok prøven i september.
Klagefristen er alltid 4 veker etter at resultatet er klart.
Slik klagar du
Dersom du vil klage på resultatet på skriveprøven, er det fleire måtar du kan gjere det på. Du kan bruke eit digitalt skjema eller du kan sende oss klagen i posten.
Du kan klage frå du får resultatet og fram til klagefristen.
Du kan bruke vårt klageskjema, og sende klagen digitalt til oss:
- Send klage på resultat - norskprøve skriftleg framstilling. Skjema blir tilgjengeleg ved resultatslepp.
Du kan også klage via Min side. Etter at du har logga inn, finn du lenke til informasjon om klage nedst på sida. Der det står "Vil du registrere ein klage", klikkar du på lenka der det står "klikk her".
Send klage i posten
Du kan sende klagen din som eit brev i posten. Hugs å skrive både namnet ditt og kandidatnummeret ditt i brevet.
Adressa du må sende klagen til, er:
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Postboks 1093
5809 Bergen
Svar på klagen
Det tar vanlegvis 4–6 veker før du får svar på klagen din. Dersom det er mange som sender inn klage på prøven, kan det ta litt lengre tid.
Klage på formelle feil
Formelle feil kan for eksempel vere tekniske feil på prøvedagen som du meiner kan ha påverka resultatet ditt.
Fristen for å klage på formelle feil er tre veker etter at du tok prøven. Du må sende klage til prøvestaden (der du tok prøven).
Klage på vedtak om fusk
Viss du får vedtak om at du har fuska, kan du klage på dette vedtaket.
Viss du fekk vedtaket av prøvestaden der du tok prøven, sender du klagen til prøvestaden.
Viss du fekk vedtaket av HK-dir, kan du klage til HK-dir.
Viss du ikkje får medhald, blir klagen send vidare til statsforvaltaren. Du får meir informasjon om dette i vedtaksbrevet.
Ta ein ny prøve
Om du ikkje er fornøgd med resultatet ditt, kan du melde deg opp til ein ny prøve. Du må betale for å ta den nye prøven.
Har du tenkt å melde deg opp til ny prøve før du har fått svar på klagen din? Om du får eit betre resultat frå klagebehandlinga og ikkje vil ta prøven på nytt, må du likevel betale for prøven du har meldt deg på til.