Norskprøve teiknspråk
Les om prøven
Norskprøven en består av fire ulike delprøvar, og for deg som brukar teiknspråk er det mogleg å ta prøve i teiknspråkleg kommunikasjon, avlesingsprøve, skriveprøve og leseprøve. Desse delprøvane måler kor god du er til å lese og skrive norsk, og kor godt du kan avlese og kommunisere på norsk teiknspråk.
Alt om prøvane
Filmen nedanfor gir ein presentasjon av prøven og kva du treng å vite før du melder deg opp til prøven for teiknspråkbrukarar. Filmen er òg teksta.
Fire delprøvar
Prøven består av fire separate delprøvar:
- Prøve i avlesing av norsk teiknspråk (eller prøve i lytteforståing for høyrande)
- Prøve i teiknspråkleg kommunikasjon (eller prøve i munnleg kommunikasjon for høyrande)
- Prøve i leseforståing - òg kalla leseprøven (lik prøve for høyrande og teiknspråkbrukarar)
- Prøve i skriftleg framstilling - òg kalla skriveprøven (lik prøve for høyrande og teiknspråkbrukarar)
Målgruppa for delprøvane for teiknspråkbrukarar er vaksne innvandrarar som får opplæring i både norsk teiknspråk og skriftleg norsk.
Avlesing av norsk teiknspråk
Prøven består av fleirvalsoppgåver, der du får sjå korte videoar av éin eller to personar som snakkar teiknspråk. Til kvar video er det eit spørsmål, og du svarar ved å klikke på svaralternativa på skjermen.
Spørsmåla blir stilt både på skriftleg norsk og på teiknspråk, men svaralternativa er berre på skriftleg norsk. Det krevst dermed noko leseforståing for å svare på oppgåvene, men oppgåvene er valt ut med mål om å krevje så lite leseferdigheiter som mogleg.
Prøven i avlesing av norsk teiknspråk har cirka 30 oppgåver og tar cirka 55 minutt.
Du må velje nivå på delprøven
Du kan ta delprøven i avlesing av norsk teiknspråk på to nivå. Du må velje mellom nivå A1–A2 og nivå A2–B1 når du melder deg opp.
Teiknspråkleg kommunikasjon
Prøve i teiknspråkleg kommunikasjon måler det same som munnleg prøve i norsk, men går berre føre seg på teiknspråk.
Prøven blir avvikla med kvalifisert teiknspråkleg eksaminator og sensor til stades, som vurderer ut frå vurderingskriterium spesifisert for norsk teiknspråk.
Kandidaten tar prøven ved eigen lærestad dersom det er praktisk mogleg. Prøven kan òg bli gjennomført ved at ekstern sensor deltar digitalt.
Du må velje nivå på delprøven
Du kan ta delprøven i teiknspråkleg kommunikasjon på tre nivå. Du må velje mellom nivå A1–A2, nivå A2–B1 og nivå B1–B2 når du melder deg opp til prøven.
Teiknspråkleg kommunikasjon nivå A1–A2
Nivå A1–A2 er det lågaste nivået for prøven i teiknspråkleg kommunikasjon.
- I den første oppgåva skal du snakke åleine og fortelje litt om deg sjølv.
- I den andre oppgåva skal du beskrive eit bilete. Du skal snakke åleine.
- Den tredje oppgåva er ei samtaleoppgåve, der du skal snakke med ein annan person.
- I den fjerde og siste oppgåva skal du fortelje om noko og beskrive noko. I denne oppgåva skal du snakke åleine.
På alle oppgåvene er det viktig at du snakkar mykje, slik at sensor ser kor mykje teiknspråk du kan.
I filmen nedanfor kan du lære meir om oppgåvene på nivå A1–A2. Filmen er òg teksta.
Teiknspråkleg kommunikasjon nivå A2–B1
Nivå A2–B1 er det mellomste nivået for prøven i teiknspråkleg kommunikasjon. Før prøven startar er det vanleg at eksaminator snakkar litt med deg.
- I den første oppgåva skal du snakke åleine. Du skal fortelje om noko og beskrive noko.
- Den andre oppgåva er ei samtaleoppgåve, der du snakkar med ein annan person.
- I tredje og siste oppgåve skal du vise at du kan uttrykke synspunktet ditt og grunngi meiningane dine om eit spørsmål eller tema.
På alle oppgåvene er det viktig at du snakkar mykje, slik at sensor ser kor mykje teiknspråk du kan.
I filmen nedanfor kan du lære meir om oppgåvene på nivå A2–B1. Filmen er òg teksta.
Teiknspråkleg kommunikasjon nivå B1–B2
Nivå B1–B2 er det øvste nivået for prøven i teiknspråkleg kommunikasjon. Før prøven startar er det vanleg at eksaminator snakkar litt med deg.
- I den første oppgåva snakkar du åleine. Du skal vise at du kan uttrykke synspunktet ditt og grunngi meiningane dine om eit spørsmål eller tema.
- Den andre oppgåva er ei samtaleoppgåve, der du snakkar med ein annan person.
- I den tredje og siste oppgåva skal du vise at du kan ta stilling til ein påstand og argumentere for synspunkta dine. Du får tid til å tenke deg om og notere litt før denne oppgåva. Du skal snakke åleine.
I filmen nedanfor kan du lære meir om oppgåvene på nivå B1–A2. Filmen er òg teksta.
Leseforståing og skriftleg framstilling
Delprøvane i leseforståing (leseprøven) og skriftleg framstilling (skriveprøven) er dei same som for høyrande.
Under gjennomføringa av desse delprøvane kan teiknspråklege kandidatar ha teiknspråktolk (eventuelt eigen lærar) i klasserommet for å få tolka instruksjonane (ikkje oppgåvetekstane på leseprøven). Dei skal òg ha anledning til å stille spørsmål.
Teiknspråklege kandidatar kan søke om utvida tid.
Lese- og skriveprøve tar du på ein datamaskin (PC).
Leseprøve
Prøven i leseforståing (òg kalla leseprøven) testar kor god du er til å forstå tekstar på norsk. Denne prøven er lik for teiknspråkbrukarar og høyrande. Les meir om leseprøven.
Skriveprøve
Prøve i skriftleg framstilling (òg kalla skriveprøve) testar kor godt du kan skrive eigne tekstar om ulike tema på norsk. Denne prøven er lik for teiknspråkbrukarar og høyrande. Les meir om skriveprøven.
Bruk av tolk
Teiknspråklege kandidatar kan ha behov for å få omsett praktisk informasjon om prøven på prøvedagen.
Dersom det ikkje er teiknspråkleg personell ved prøvestaden som kan formidle denne informasjonen, har kandidaten rett til tolk på prøvedagen.
Prøvestaden har ansvar for å skaffe tolk. Dersom du har spørsmål om tolk, må du ta kontakt med prøvestaden din.
Slik blir prøvane vurderte
På to av delprøvane er det sensorar som vurderer prøven din og set resultatet ditt. Sensorane er lærarar med mykje erfaring frå undervisning og vurdering i norsk som andrespråk og norsk teiknspråk for vaksne.
På skriveprøven blir teksten du skriv, sendt til sensor i eit dataprogram. Det er fleire sensorar for denne delprøven.
På prøven i teiknspråkleg kommunikasjon er sensor og eksaminator til stades under prøven. Sensor vurderer prøven din, og eksaminator stiller spørsmål på prøven.
Både sensor og eksaminator har fått opplæring og trening i vurderingsarbeid, slik at dei veit korleis dei skal vurdere på prøvane.
På avlesings- og leseprøven er det ikkje ein eigen sensor som vurderer. Prøvane blir vurderte automatisk av svara du gir på prøven.
Vurderingskriteria for prøve i teiknspråkleg kommunikasjon er oppdatert 01.10.24.
Alle resultata kjem samtidig
Resultata for alle delprøvane blir sende ut samtidig. Du får resultatet på prøvane du har tatt, etter nokre veker. Les meir om resultat på prøven i norsk teiknspråk. (Kun på bokmål, nynorsk kommer)
Du har rett til å klage på resultatet ditt på delprøven i skriftleg framstilling. Når du klagar, kan du få eit dårlegare resultat, det same resultatet eller eit betre resultat. Dersom du klagar, er resultatet du får endeleg. Les meir om klagemoglegheitene dine. (Kun på bokmål, nynorsk kommer)
Rettar og plikter
Prøven kan tilpassast eller leggjast til rette på ulike måtar. Tilrettelegging kan for eksempel vere at du får ekstra tid, eller at du får sitje på eit eige rom når du skal ta prøven.
Du må kontakte prøvestaden din så raskt som mogleg, og seinast tre dagar etter at du melde deg opp til prøven.
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Tekstane du skriv på skriveprøven, skal vere ditt eige arbeid. Kopiering og plagiat er ikkje lov.
Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, for eksempel henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst.
Det gjeld òg om du har memorert tekst og brukar det i prøven din.
Forfalsking av prøvebevis er rekna som dokumentforfalsking og vil bli meldt til politiet.