Norskprøve teiknspråk
Dette skjer på prøvedagen
Du tar prøven på ein datamaskin på prøvestaden. Hugs å ta med legitimasjon til prøven.
Du får informasjon frå prøvestaden din (der du skal ta prøven) etter at du har meldt deg på prøven. Denne informasjonen må du lese. Hugs å møte opp i god tid før du skal ta prøven.
Når du kjem til prøvestaden, må du først registrere deg. Du må vise fram gyldig legitimasjon. Les meir om kva som er gyldig legitimasjon (ID), lenger nede på denne sida.
Du får tildelt ein plass
Det er dei som jobbar på prøvestaden, som bestemmer kvar du kan sitte. Du får tildelt ein plass med ein datamaskin som du skal ta prøven på.
Delprøvane i lesing, avlesingsprøven og prøven i skriftleg framstilling skal du ta på ein datamaskin (PC) på prøvestaden. Du kan ikkje ta prøven på din eigen datamaskin.
Kven er til stades under prøven?
Prøveleiaren og andre som jobbar på prøvestaden, vil vere i rommet under prøven.
Det kan vere fleire kandidatar (personar) som tar prøven samtidig.
På delprøven i teiknspråkleg kommunikasjon vil ein teiknspråkleg eksaminator og ein teiknspråkleg sensor (ein som vurderer prøven) vere til stades.
På delprøven i teiknspråkleg kommunikasjon skal du kommunisere med ein annan kandidat på nokon av oppgåvene (eller med eksaminator viss det ikkje er ein annan kandidat tilgjengeleg.
Har du spørsmål om prøvedagen?
Dersom du har praktiske spørsmål om prøvedagen, må du ta kontakt med prøvestaden din.
Ta med gyldig legitimasjon
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon/identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilde
- norsk førarkort – original og duplikat
- ID-kort frå posten utskrive etter 1. april 2003
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad
Fusk er ikkje tillate - dette kan du ikkje gjere under prøven
Du kan ikkje bruke nokon hjelpemiddel under prøven. Bruk av hjelpemiddel eller forsøk på dette blir rekna som fusk òg kalla juks).
Her er nokre eksempel på fusk:
- å bruke falsk legitimasjon
- å bruke eller ha med seg elektroniske hjelpemiddel som for eksempel smartbriller, smartklokker og mobiltelefon
- å bruke andre nettsider eller dataprogram enn prøvesystemet (for eksempel Word, Notisblokk)
- å bruke ordbok eller notat
- å kommunisere med andre enn tilsette ved prøvestaden under prøvegjennomføringa
- å kopiere, skrive av eller memorere svar eller tekst som andre har skrive, og bruke det i svaret ditt (plagiat)
Fusk eller forsøk på fusk kan føre til
- at du må forlate lokalet
- at du ikkje får prøvebevis
- at du må vente eitt år før du kan ta prøven på nytt
- at du må betale for prøven neste gong du tar han
Vi kan finne ut om du fuskar, både under prøven, etter prøven og når vi rettar prøven.
Dersom du blir tatt for å fuske, får du eit vedtak om dette. Du kan klage på vedtaket. Les meir om klage.
Plagiat eller kopiering
Tekstane du skriv på skriveprøven, skal vere ditt eige arbeid. Kopiering og plagiat er ikkje lov.
Det er plagiat dersom du bruker heile eller delar av andre sine tekstar, for eksempel henta frå internett, lærebøker eller medelevar, og lèt som det er din eigen tekst.
Det gjeld òg om du har memorert tekst og brukar det i prøven din.
Ta med gyldig legitimasjon
På prøvedagen må du vise fram gyldig legitimasjon / identifikasjon (ID).
Dette er gyldig legitimasjon:
- gyldig pass
- norsk bankkort med bilde
- norsk førarkort – original og duplikat
- postens ID-kort utskrive etter 1. april 2003
- nasjonalt ID-kort utskrive innanfor EØS-området
- reisebevis for flyktningar og utlendingspass
- opphaldskort for utlendingar
- asylsøkarbevis med namnetrekk og informasjon om fødestad