Norskprøve teiknspråk
Øv til prøven
Norskprøven og prøve i teiknspråk testar ikkje kunnskapen din, berre språk. Det er altså ikkje eit eige pensum til prøvane. Prøvane måler kva språkleg nivå du er på. Du øver deg til prøvene ved å trene på språka. Du kan òg bruke eksempeloppgåvene til å forberede deg.
Den beste måten å forbetre språka dine på, er å bruke dei. Du bør ikkje bruke tid på å memorere tekst. Prøvane testar sjølvstendig språkleg forståing og språkbruk, så innlært tekst er ikkje særleg nyttig.
Du bør òg gjere deg kjent med innhaldet i prøvane. Les om teiknspråkprøvene og korleis dei er bygd opp, og øv deg på eksempeloppgåvene vi har laga til kvar delprøve.
Eksempeloppgåvene viser alle dei ulike oppgåvetypane du vil få på delprøvane.
Når du øver på eksempeloppgåvene, blir du van med oppgåvetypane og veit korleis det fungerer når du skal løyse oppgåvene du får på prøvedagen.
Dette er berre eksempel. Du vil ikkje få desse oppgåvene på prøvedagen, men du vil få oppgåver som liknar.
Leseprøven
Tekstane du skal lese i leseprøven, er korte og tilpassa nivået du tar prøven på.
Skriveprøven
Skriveprøven testar kor godt du kan skrive norsk.
Avlesingsprøve
Avlesingsprøven testar kor godt du kan avlese norsk teiknspråk.
Teiknspråkleg kommunikasjon
Oppgåvene i kommunikasjonsprøven handlar om å kunne bruke teiknspråk om forskjellige tema. Du skal blant anna fortelje om deg sjølv på prøven.